Dagane går som hjå dei fleste. Jobben tek store delar av dagen og det er lite att når ein kjem heim. Det vert ikkje så mykje tid til å ta bileter på den korte tida det er lyst ute, men heldigvis går vi mot lysare tider. Idag kjente eg våren tok tak i vinteren. Sjølv om det er kvitt ute og vi er igjen utan bilveg, så ser eg at våren er her og at vinteren snart ikkje klarar å halde seg fast.
Emil veks og utviklar seg i eit raskt tempo. Han er snart 16 mnd og er ein travelt opptatt kar. Han klatrar i bokhyller og utforskar det meste noko som er ganske travelt, men samstundes har han utvikla ei flott lita personligheit.Emil er alltid blid, ein kosegut og storsjarmør. Han likar å teikne, leike med bilar og blade i bøker og album. Danse er kjekt og apetitten er det ingenting å seie på.
Han søv til og med betre på natta no slik at foreldra får sove litt meir. Eg kjenner overskuddet er på veg tilbake. No er det berre våren eg ventar på.
Gyngehesten som Emil fekk til dåpen med morfar og besta har han endeleg funne glede i.
Dei lyse, tynne hårstråa stikk opp her og der. Håret hans har vokse utruleg fort og eg har allereie stussa håret ein gong.
Dette innlegget er vel mest retta mot familie og vener, men kanskje nokon andre av dokke synest han er pittelitt skjønn og? :-)
6 kommentarer:
Ååååh, nei han ekje pittelitt skjønn, han e gedigent skjønn :o) Gleda mej til å sjå dokke igjen Gode klem frå "Besto"
Så stor og fin han er blitt! :)
Vi får komme utover snart og hilse på. Nå har det blitt fart i poden her i huset også. Fyker over stuegulvet på alle fire og utforsker det meste.. Travle tider, og travlere vil det nok bli!
Nudeli faktisk - begge golja dine :)
Så store gut han he blitt:)
Klem fra Siv
Hei! Så hyggelig å se bilder av Emil! Han er så lik deg på det første bildet :o)
Klem fra oss i Trondheim
Vi savne dåkk :o(
Legg inn en kommentar