onsdag 28. desember 2011

Tankar om blått i hagen

Sjølv om det framleis er jul og vinteren er lenge enno, kjem eg ikkje bort ifrå å tenke litt på hage. Eg er for tida sjuk og har god tid til å tenke på kjekke ting. Idag har eg byrja å tenke blått i hagen. Tanken er at eg skal ha ei sone med blått, ei sone med lilla og ei sone med rosa rundt huset. Noko raud/rosa må eg vel få til og. Dette skal ikkje gjennomførast på ein dag, men over tid. Eg må berre ha planane klare, iallefall ein ide om kva eg ønskjer. Eg har ein tendens til å skifte meining ganske ofte, men eg må vel lande til slutt?
Den første planta er kosakkveronika som eg allereie har. Det er alltid spennande å sjå om dei overlever desse plantene, men eg hadde denne planta før i år iallefall. Nydelig lysblå farge.
Blåklokker veks vilt, men eg vil gjerne ha dei i hagen og. Eg klarer ikkje å sjå kva som er blåklokke dersom eg berre ser blada, og blomar skal ein ikkje spa opp når dei blømer har eg høyrt, ja så då må eg vel kanskje så sjølv?
Forglemmegei planta eg og ein stad på tomta, men er litt usikker på om dei har overlevd. Fine er dei iallefall og er obligatorisk i gamle staudehagar.
Agapathus heiter denne, veit ikkje om det finnast noko norsk navn. Eg listar opp planter eg synest er fine og som er blå, men det er ikkje sikkert at eg får tak i dei eller har tenkt å kjøpe dei.
                                            
Clematis macropetala lagoon. Eg har tenkt å ha ein klematis på det blå området. Det er viktig at den ikkje vert lilla, men faktisk er blå.
Iris. Ein klassikar og ei vanleg staude. Fin er den og. Eg tenker at området skal ha ei blanding av lyseblått og mørkeblått og sannsynlegvis kvitt for å bryte opp alt det blå. Epletrea står i denne sona og blomane der er jo kvite.
Perleblomst. Bilete er tatt av meg då eg har denne i hagen. Dei fleste bileta i dette innlegget er tjuvlånt. Eg anar ikkje kor dei kjem ifrå, eg har berre googla. 
Ridderspore. Dette bilete er også mitt. Eg vart freista til å dele og flytte riddersporen på seinsommaren, spent på om det kjem opp noko til våren. Dersom den ikkje lever, har eg lært at eg ikkje skal gjere det igjen. Eg har tatt frø av denne og skal plante nye til våren, men eg har lest at det er ikkje sikkert dei nye plantene får same farge som den planta som frøa kjem ifrå. 
Alpeklematis Francis Rivis. Klematis kan vere så mykje meir enn mørklilla. Kjempefin!
Klematis Mrs Cholmondele. Dette må vere den finaste av dei tre blå klematisane eg har funne. Eg elskar lyseblått og denne var heilt nydeleg! Skal tru om den er slik som på bilete?
Blåveis. Ein skjønn, vakker liten blome.

Har du erfaring med blå stauder som ikkje bryt mot det lilla? Eller ein ide om ei staude eg ikkje har fått med på lista her? Eg vil iallefall høyre om det. Kanskje eg ikkje er aleine om å tenke hage 28.desember?


Oppdatering 31.12.2011:

Eg har fått så mange gode tips frå Ellen med bloggen Roser og Patina at eg vel å oppdatere blogginnlegget. Denne lista med blå planter kjem eg til å ha nytte av fleire gongar og det er meir ryddig å ha ei fullstendig liste her enn å ha nedskrivne navn på masse små lappar som forsvinn i alt rotet. Eg håpar og at oversikta kan ha nytte for andre og eg har derfor laga meg ei oversikt heilt nederst på sida slik at det vert lettare å planlegge samplanting.
Blå valmuesøster.
Russeblåstjerne.
Italiaklokke.
Blå kuletistel.
Veronika.
Storkenebb. Denne i blått. Det latinske navnet finn du i lista under.

Liste over blå laukar og stauder som eg synest er fine

Navn                     Botanisk navn                              Blømetid     Høgde
Kosakkveronika    Veronica gentianoides 'Variegata'   juni-juli       40 cm
Blåklokke              Campanula rotundifolia                 juni-aug      15-30 cm
Forglemmegei        Myosotis scorpioides                     juni-aug      20-40 cm
Agapanthus            Agapanthus campanulatus             juli-aug       50-70 cm
Klematis                 Clematis macropetala lagoon         mai-juni      5-6 m
Iris                         Iris germanica                                juni- juli      0,7- 1 m
Perleblomst            Muscari aucheri 'Blue Magic'         april-mai     15 cm
Ridderspore           Delphinium                                   juli-sep        1,5 m
Alpeklematis          Clematis Alpina Francis Rivis       mai-juni       2,5-3 m
Klematis                 Clematis Mrs Cholmondele           juni- sep      2 m
Blåveis                   Hepatica Nobilis                            april-mai     10-20 cm
Valmuesøster         Meconopsis grandis                       mai-juni      1 m
Russeblåstjerne  Scilla Sibirica                                mars-april    10 cm
Italiaklokke           Campanula garganica                     juni-juli       10 cm
Kuletistel               Echinops sphaerocephalus             juni             1-2 m
Veronika               Veronica austriaca                          mai-aug      10-35 cm
Storkenebb           Geranium Mrs Kendall Clarke        juni-juli       90 cm

Lista ser litt rotete ut når eg publiserer den, beklager det, eg får ikkje til å endre det.

7 kommentarer:

Ellen sa...

Nei det er du ikke alene om:) Her går det veldig mye i hagetanker om dagen og er godt igang med frøsåing.
Andre vakre blå stauder som ikke går over i lilla og som jeg har god erfaring med er Oksetunge (Anchusa azurea) Det finnes flere varianter den jeg har er helt blå:) Den er også enkel å få frem fra frø:)

Meconopsis er en annen god og blå staude. Jeg har Meconopsis grandis på femte året og den blir bare større for hvert år:) Den gir også rikelig med frø som gir mange nye planter:)
Russeblåstjerner er også fine og blomstrer tidlig på våren.

Storhjelm ( Aconitum). italiaklokke ( Campanula garganica). Kuletistel ( Echinops bannaticus). Skogssøte ( Gentiana). Veronika ( Veronica austriaca) og Storkenebb ( geranium). Storkenebb har noen sorter som går helt i blått, husker ikke noen navn i farten. Men den er et must i hagen og en god bunndekker:) Det finnes sikkert maange tusen andre fine også:) Klem Ellen.

Ellen sa...

Glemte helt Akeleier! Der finnes det jo mange lekre blå:)

Ellen sa...

Hei. Jeg sår en del frø fra egen hage:)
Det er sjelden jeg får planter med andre farger, når jeg sår egne frø. Det skjer som regel med planter som veldig lett krysser seg med hverandre som feks akeleier og stemorsblomster. Da kan det dukke opp nye farger:)

Meconopsisen har alltid fått samme farge som morplanten. Det ville vært spennende om den plutselig fikk avkom med en annen farge:) Mange av frøene kjøper jeg på nett. Det finnes mange gode frønettbutikker der du kan få mye inspirasjon til blå blomster. Jeg har en liste over gode frønettbutikker på bloggen min.

En annen blå staude som jeg synes er et must i den blå hagen og som er god hardfør og trofast er scabiosa caucasica. Her finnes det også mange forskjellige, jeg tenker på den med store lyseblå blomster.
Legger ved en link: http://www.specialperennials.com/Other_Perennials/Plant_List_Scabiosa.htm

Hos Thompson & Morgan kan du søke på Blue flowers: http://search.thompson-morgan.com/search?p=Q&lbc=thompson-morgan&uid=876033165&ts=custom&w=blue%20flowers&af=colour:blue%20tab:products&isort=score&method=and&view=grid

Ønsker deg godt nytt år! Klem Ellen.

Pia sa...

Jeg evner ikke å tenke hage, verken nå eller seinere. Vi må vel gjøre et eller annet utafor huset til våren, men det får mannen ta seg av... Ha ei fortsatt fin romjul:)

Anna-Karin, Landet Krokus sa...

Oj så många blåa vackra blomster du planerar. Jag gillar verkligen blått och har en hel rabatt med bara blått, vitt och silver. Det känns så underbart rogivande när det blommar.
Kul att du kikade in till mig. Önskar dig ett Gott Nytt år!

Lina sa...

Ser du har fått mange ekspertråd frå flinke Ellen her :) me må på hagevandring der ein gong, Torill ;) hihi

Jaaaa la oss laga ein hageklubb, hehe, der idear om drivhus på do er hjerteleg velkomne! ;) stakkar mannane...

Klem ♥

Marius sin mamma sa...

Å, så godt å høyre at det er fleire enn meg!! :) Først var det juljuljuljul, og når den er overstått, så tenker eg umiddelbart på vår, og hage!! :)

Blåklokker har eg klart å rive opp (når dei står i blomst), planta, og då kjem dei fint tilbake til neste år. :) Liker å stå tørt, og kan vere vanskelig å få røtter med når du skal spa dei opp.

forglemmegei har me langs vegkanten her oppe på Eide, så skrik ut om eg skal spa opp nåken til deg! :)

Eg har ein teppedannande staude som eg kjøpte på salg (og er derfor navnlaus), den har blåklokkeblomster på ca 10-15 cm. Kjempefin, og brer seg villig og fort. Sei i frå om du vil ha avleggarar.

Perleblomster er eit must på våren. :)

Ellers har eg mykje som går øve i lilla, og ikkje så mykje i klart blått.