mandag 15. november 2010

Cannelloni- ein slager for både liten og stor

Idag har eg laga noko til middag som eg aldri har laga før. Cannelloni, ein italiensk rett, er ikkje så vanleg på det norske middagsbordet, men etter å ha laga det kan eg gjerne lage det igjen. Og ikkje er det dyrt, ikkje er det usunt og heller ikkje vanskelig. Og alle fire her i huset likte det veldig godt. Det tek omlag ein halvtime å lage den, og den kan samanliknast litt med lasagne.
Eg har lånt eit bilete frå dinmat.no sidan eg ikkje rakk å ta bilete av min eigen rett før den nesten var ete opp. Eg har ikkje laga cannellonien heilt etter ei oppskrift, men det liknar på det som dokke ser på biletet.
Malin åt iallefall to heile rullar + salat. Kjøttfyllet likte ho best. Emil åt også godt, og tilslutt var det nesten tomt når eg skulle ete. Eg kunne kanskje velje å verte fornærma over at det var lite mat igjen når eg hadde kokkelert retten, men tvert imot. Eg vert veldig glad når alle et godt og det er lite til overs. Det er eit godt teikn på at eg har laga god mat. No har eg sagt nok om denne retten, og det på tide at du får moglegheit til å lage den også.

Cannelloni til to menn eller tre kvinner

1 pk kyllingkjøtdeig

2 bokser hakka tomat

1 hakka lauk

3 hakka kvitlauksfedd

1 ts pepar

1 ts sukker

1 ts merian, timian, oregano eller anna tørka krydder som du likar

1 pk Tine naturell kremost

8 lasagneplater

reven parmesan til å ha på toppen, evt vanleg kvitost

salt og olje etter behov

Steik lauken i ei gryte med olje til lauken er blank og mjuk. Tilsett tomatboksane, sukker, pepar, merian og salt. La det småkoke til tomatsausen vert tjukk. Dersom du vil korte ned tida kan du ta vekk noko av tomatjuicen. Når tomatsausen står og putrar, steiker du kjøtdeigen.

Kok opp vatn og la lasagneplatene koke i 5 minutt. Mens det kokar tilset du kremosten i den ferdige tomatsausen til osten har smelta og bland i kjøttdeigen tilslutt. Lasagneplatene legg du på plastfolie som er smørt med olje. Ha tre spiseskeier med kjøttfyll som ei remse i midten av lasagneplata og brett samman. Ha rullane med skjøten ned i ei smurt form. Hell på ost.

Steik cannellonien på 225 grader i 15 minutt. Server med salat.

1 kommentar:

Tina sa...

Såg nydelig godt ut! Spørs om ej ikkje må prøve ditta! :)