mandag 27. september 2010

Glimt frå ei fantastisk flott helg

Det er herleg og sjå vèrmeldinga med stor gul sol over det meste av landet. Når det nærmar seg oktober er det sjølvsagt ikkje varmt om natta lenger og det har faktisk vore eit par netter med frost no. I helga har vi vore mykje ute og dagen har byrja med mykje klede og endt med nesten ingenting, berre sjå her.
Grave i jorda er alltid gøy. Dette er tidleg laurdag morgon med kald luft og skarp sol. Humøret er på topp.
Espen rydda boss frå tidleg morgon medan Malin laga hus og slott. I bakgrunnen kan dokke skimte bosset som har stått sidan vinter, men no er det endeleg borte.
Emil har nettopp våkna frå sin morgenlur. Mykje å følge med når ein sitt ute, men han er litt liten enno for dei lange utetimane. Inne får han gå lite med klede og frese rundt uten mykje klede som hindrar han.
Terrassen er rydda for møblar og plantene har eg satt under tak. Huset er nesten ferdigmalt (1.strøket) og vi har rydda rundt huset for boss og reiskapa er i hus. Vinteren kjem alltid brått på så det er godt med alt som er gjort.
Hua er framleis på, men varmen har komt på verandaen og det er tid for plattingdans. Malin elskar å kle seg ut. Huer, vesker, sjal osv.
Når det er dans er det på med kjolen. Emil er heilt med.
Dei kosar seg og ler saman. Vi har verkeleg merka søskenforholdet no og kor inderleg glad dei er i kvarandre.
Malin elskar å danse...
... og tulle litt. Den finaste jenta som tilfeldigvis er mi
Det har vore den årlege brannveka og i barnehagen har dei snakka om brann, brannbilar og brannmann Sam. Malin elskar brannbilen sin og den er så fin å ha ute fordi den pumpar ordentleg vatn.Søskenkjærleik.

6 kommentarer:

Kathrine sa...

Så flott dere har fått det ute!! DEt ser ordenlit koselig ut :) også så herlige smågull :)

Anonym sa...

Kor herlige bilder av glade ungar:) det kom seg veldig når en får rydda litt:)

Klem fra Siv

Anonym sa...

Åååå kor gode dei e små gulla :o))) Rydde ute, ja...kanskje me må sette vekk møblar og anna før me set nasa mot Osterøy og dokke. Ikkje so lenge til no. Gler oss (og he heldigvis fått kattepass...) Klem frå besto

Tina sa...

Gud for nokre herlige små gull du he! So monge fine bilder! :)

Syns hausten e en fine årstid. Skarp og god luft ute, monge flotte fargar i naturen og so stearinlystid og kos inne.

Ha fortsatt god helg til dej og dine :)

Lillian sa...

Dere har 2 skjønne skatter. Jeg liker så godt å følge bloggen din, flott hus og fin familie og det virker som at kosen er viktigere enn interiøret og det liker jeg...
mvh Lillian

Lillian sa...

Uff ser jo nå at det kunne komme feil ut. Jeg synes at dere har flott interiør. Jeg mente at det er folkelig og hjemmekoselig. Det ser ikke ut som en katalog.