mandag 13. september 2010

Fullt opp og eit lite hjartesukk

Gro Nylander er ei klok dame sjølv om eg ikkje er samd i alt ho seier. Likevel kan eg ikkje vere anna enn einig når ho seier at det er så travelt å ha born som er 9-18 mnd gamle at dei har nødd å vere superskjønne for å halde ut.
Emil som no er 9,5 mnd gammal er ein aktiv krabat som held mor si i gang heile tida. Han røyser seg, står og stabbar litt rundt bordet og ned igjen. HEILE DAGEN! Akkurat no har han knapt behov for ei einaste leike for han skal berre røyse seg og stå. Han har verkeleg funne ut ein ny måte å utforske verda på.
Og visst er det kjekt. Han smiler og ler, røyser seg og dett og har anlagt ein del blåmerke på hovudet. Og den vesle peikefingeren undersøker alt av smått og stort.
Det betyr likevel at det ikkje er så mykje tid til anna. Vi flikkar litt med maling av huset slik at alle kvadratcentimeter skal vere dekka til hausten og vinteren. Eg ryddar i kasser, omorganiserer, flyttar eiendelar ut og inn av huset alt etter kva som brukast her og no, støvsuger tre gongar om dagen, ryddar kjøkkenbenk og vaskar klede. Men alt dette er no ikkje spennande å snakke om, ikkje ein gong for meg sjølv. Derfor er det lite blogging no sjølv om eg gjerne har lyst.
.
Blogging er på ein måte ein deltidsjobb. Her forteljer eg siste nytt om mine små slik at familie og vener skal få lese. Eg skriv og vis bileter av hus og hage for å vise framgangen, dele tips og frustrasjon for dei som er i same situasjon. Bloggen er også fin som dokumentasjon og tilbakeblikk. Eg deler mine interesser og sysslar. Og nettopp det sistnevnte er noko eg ønskjer å skrive meir om.
.
Eg har knapt tatt i strikkepinnane det siste året, symaskina står på stovegolvet utan at det skjer noko, Kenwooden står i skapet og mine oppussingsprosjekt vert ikkje ferdig. Loppemarkeda har eg heller ikkje tid å besøke og eg skulle så gjerne ha gått meir på besøk. Og dette er heilt normalt, men eg taklar det ikkje! Eg klarer ikkje å akseptere at slik er det å vere småbarnsmor. Eg vil gjere alt på ein gong og endar opp med å stresse med sjølv. Sukk... Det var dagens. Kunne sikkert skrive ei bok om dette temaet.
.
Avsluttar før innlegget vert for langt. Det er så travelt å lese lange innlegg. Ønskjer alle ein fin dag.

5 kommentarer:

kjersti70 sa...

Men du, om du ser på bilda du la inn i denne posten, så ser du ein strålande gut, som er så fin og flott, og då gjer du alt riktig sjølv om Kenwood'en står i skapet ;) Og så klart skal det vere rom for mor også - vi er liksom meir enn berre mamma, men ikkje tenk på tapte loppemarked og sopp som blir ståande i skogen ;) Vi gjer det vesle vi rekk for oss sjøl, og alt det andre tar vi eit anna år. Der kjem ny sopp, der kjem nye loppemarked, boller kan bakast neste år, og dei små lommene med eigentid som vi greier å skaffe oss, får vi fylle med eit innhald som gir glede og inspirasjon. Og det vi ikkje rekk, det rakk vi ikkje, men tar igjen seinare :)

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Forstår at du kan bli frustrert gitt - det er ikke rart, men tenk så utrooolig heldig du er som har en flott heim og to nyydelige unger! Det er ikke alle som har det å kose seg med :)

Pia sa...

Du må nok bare akseptere at sånn er det...
Blogging tar tid, men det er en koselig hobby. Og det går an å blogge litt til og fra. Baking, maling og scrapping er ikke så lett å kombinere med at du har en aktiv smårolling rundt deg.
Han er skjønn, da!

Anonym sa...

Hmmm, ja det e no diverre berre slik livet er...best å akseptere det først som sist.... Betre tid til deg sjølv og syslar utanfor heimen får du etterkvart - om nokre år, eller kanskje om ikkje så lenge, dersom du har ein husbond som kan stille opp nokre kveldar i ny og ne so du kan gjere noko berre for deg sjølv. DET må no vel la seg ordne ;o) me er no i 2010...... Du får "kreve" litt meir enn det eg har gjort..hehe..
Ha ein fortsatt fin kveld :o))) Lenemor

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Headeren har jeg laga i Photoshop - enkelt og greit om man kan å bruke programmet :) Også så artig da :)