Eg hadde eigentleg tenkt å blogge om véret vårt idag. Eller min irritasjon over at sommaren alltid framstillast med blå himmel og sol. Idag kjøpte eg nemleg Vakre Hjem og Interiør samstundes som det regna og tordna her heime. Eg tok bileter av det "fine" véret og tenkte eg skulle skrive om det ikveld. Men veit du kva, i ettermiddag kom sola!
mandag 28. juni 2010
Plensåing, igjen
søndag 27. juni 2010
Hardt arbeid på ein solfylt søndag
Idag kan eg verkeleg skryte av meg sjølv og Espen. Vi har gjort ein kjempeinnsats med å spa jord i trillebår og tippe det rundt kanten av terrassa. Fyttikatta kor hardt det var. Vi kjenner det godt i ryggen etter fleire timar med intensiv jobbing. Med godt vèr og svigermor som passa ungane må ein berre gjere det om ein vil eller ei.


Malin har fått seg blåseboblemaskin som går på batteri med farmor. Denne var stas, men eg fekk ho ikkje til å stå stille eller sjå rette vegen når ho holdt på. Derfor desse som er knipsa i full fart på terrassa. Den vakraste blomen vi har :-)
onsdag 23. juni 2010
Min vesle muffins er sju månadar allereie
Emil er til å ete opp. Han er så skjønn at mor smeltar alldeles. Idag er han 7 månadar og mykje har skjedd sidan han vart fødd. Tida har ikkje stått stille, men eg synest det verkar lenge sidan 23.november.
tirsdag 22. juni 2010
Den tause kordama
Det har vore sommarfest i barnehagen idag, og barnehagen skulle sjølvsagt opptre for foreldra. Iført barnehagen sine eigne korklede, marsjerte dei inn på "scena" ein etter ein. No var det klart for konsert!
Det var ikkje mykje lyd i borna med det første, men etterkvart bevega dei seg litt og skreik ut eit ord her og der. Vår håpefulle derimot, var taus som ein østers.
Barnehagetanta forsøkte så godt ho kunne og få Malin i bevegelse eller i tale. Men neida, ho satt der heilt stille og sa ingenting.
For ein livleg unge, ho rikka seg ikkje! Det vart ikkje så mykje korsang denne gongen heller, ho vert nok litt satt ut av alle som ser på, men når ho kom heim sang ho reportoaret for full hals. Rart med det...
Krampetrekkande sommar
Denne sommaren lar verkeleg vente på seg. Vi har hatt ein skikkeleg varm sommardag hittil, elles har det vore kalde temperaturar eller vind. Det nærmar seg juli, eg lengtar etter å få sole meg og bade ilag med ungane, men det verste av alt er at eg kan ikkje gjere nokonting med det. Så vi får berre vente og gjere det beste ut av det.
Med pledd og paraply kan ein sitte ute. Malin har handa i håret og smokken i munnen heile tida. Dette er typisk ho. Gøymer vi smokken så finn ho han og det er vanskeleg å få ho til og slutte med hårkosinga sjølv om ho misser håret.
Malin sitt og ventar på alderdomen...
Is må ein ha når det er sol. Heldigvis viser ikkje bileta kva temperatur vi har...
fredag 18. juni 2010
Alt har ein ende
Ein litt stusseleg dag idag. Rigmor har reist tilbake til Austlandet og eg sitt igjen med regn og vind utanfor stoveglaset. Scrappemaratonet vårt i år har verkeleg bert frukter. Rigmor har scrappa 12 sider (!) og eg har laga 7. Vi har fått tid til mange andre ting og, så eg er verkeleg nøgd. Denne gongen har eg lagd litt meir nedtona albumsider, og dei er ganske enkle i stilen. Det var meining at eg skulle pynte dei litt meir, men når vi var på Papirgleder på Sotra igår, fant eg ingenting. Det vert nok eit besøk på ein nettbutikk etterkvart, men akkurat no har eg vel brukt nok pengar på akkurat dette.
Denne sida vart ikkje heilt slik eg hadde tenkt, men det får stå si prøve. Hendinga på sida er absolutt ein må-scrappe-situasjon. Her fant Malin ut at ho skulle amme dokka slik som mamma gjorde med Emil.
Turen til Hardanger i sommar vart ikkje så solrik som vi hadde tenkt oss, men dagen i Lofthus var av det sommarlege slaget. Malin fekk dilla på moreller og bygda hadde mykje fint og by på. Ein koseleg dag ilag med mormor og besten. Eg har brukt eit mønsterark med mange søte detaljar. Då er det nesten synd å pynte den så mykje.
Her har fargenyansane betydd alt for at sida skulle uttrykke ro. Dessverre kjem ikkje dei nyansane heilt fram på bloggen, men eg fekk den bra til synest eg. Eit flott bilete av ein nyfødd gut på mormor si varme bringe.
Emil følg meg overalt og det er stort sett ikkje noko problem, heller ikkje på scrappebutikkar. Han er så blid og nøgd uansett og sjarmerer alle rundt seg. Eg er så heldig som har ein så fin gut. Han smiler og pludrar nesten heile tida. Ein godgut som smeltar mamma sitt hjarte.
.
Heilt på tampen må eg nevne ein blogg som gir vekk ei nydeleg veske idag. Klikk deg inn på Line's country living og ver med i trekninga.
onsdag 16. juni 2010
Scrapcamp 2010
Det er den årlege seansen vi har, eg og Rigmor, med å møtes og scrappe til vi ser mannen med ljåen. Det er eg som har det i år og Rigmor har vore på besøk hjå meg sidan mandag. Midt i den travle kvardag har vi fått tid til litt, og her får dokke ein smakebit.
Denne LOen manglar litt overskrift, men det kjem. Er ikkje heilt nøgd. Kan kanskje vere noko med overdosen av snø vi fekk i vinter. Lagde den i forrige veke.
Malin steller Emil når vi var heime med mamma sist. Flink jente! Herleg papir med roser. Nesten ei skam og klippe i det.
Så har eg eit viktig spørsmål: Korleis ser bileta mine ut? Når eg redigerer og framkallar er bileta mine sylskarpe og klare i fargen. På bloggen er dei blasse og kornete. Ser dei slik ut for deg og eller er det berre maskina det er noko gale med? Og om dei er uklare, korleis ordnar eg det?
tirsdag 8. juni 2010
Første utebad for året
Det har vore varmt nok i ettermiddag til at vi kunne leite fram bassenget, fylle det med vatn og la Malin sprade naken rundt. Å det er så herleg med sommar!!
mandag 7. juni 2010
Plutseleg måtte eg lage eit blomebed
Det har vore litt stille på hagefronten i eit par veke no. Det er så mykje som skal gjerast på ein gong at vi manglar tid til å få fullføre det meste. Ein må ta litt her og der og prioritere det som hastar mest. Idag må eg vise litt av det som skjer utanfor. Det blømer sjølv om det er nyplanta, det hadde eg ikkje forventa. Eg har også laga eit bed i full fart idag.
Takk Annlaug Solvang for at du har vore så snill med oss. Veldig sjenerøst.
søndag 6. juni 2010
Årets Bergen-Voss er over
Vi har mange store sportshendingar her i huset. Både VM i fotball, vinter-OL og Tour de France. Likevel er vel kanskje dagen igår den største. Bergen-Voss vart arrangert for 34.gong i år og Espen stilte på andre året. Med seg hadde han Jo Vegard (venn og svoger). Jo Vegard har nettopp vorte bitt av sykkelbasillen medan Espen har halde på nokre år. Det har ikkje vorte tid til så mykje trening i år grunna husbygging, ny baby og ny jobb, men han stilte til start og gjennomførte det. Det står det respekt av når det er snakk om 165 km frå Bergen til Voss via gamlevegen.
På kvelden feira vi dagen på terrassa med 20 gjestar. No er eg glad vi bygde den så stor. Seint i seng og tidleg opp idag så har vi berre slappa av i det fine vèret. Ei hektisk og fin helg.
onsdag 2. juni 2010
Treng gardinhjelp!
Vi har budd her i tre månadar no og ting har byrja og ta form. Gardiner på stova derimot har eg tenkt på til eg vert sprø. Eg har besøkt folk for å sjå korleis dei har gjort det, gått i butikkar, surfa på nettet, lest blad.. ja du veit. No treng eg di hjelp for å få løyst problemet for gardiner må vi ha.
For å prøve ut korleis det hadde vore med gardinlengder teipa eg fast nokre blondegardiner oppå lista. Eg har no tenkt at blondegardiner er heilt mormor eg altså, men faktisk synest eg det var fint. Det ga liv til vindauge fordi lyset treng gjennom blondene, men når eg attpåtil har pelargonia i vindauget, vert det då heilt bestemor her i stova?
Eg kjøpte ei liftgardin på Åhlens i kvitt, litt transparent stoff med striper i for å prøve korleis det vart. Keisamt og ikkje fint etter vår smak og liftgardiner vert det derfor ikkje. Faldene låg ikkje fint heller...

Vi har no ikkje så mykje naboar, men eg synest det skal sjå koseleg ut inne når ein står ute. Eg synest mine mormorgardiner gjorde akkurat det. Kva tenkjer du og har du ein betre idé? Hjelp meg å ha eit problem mindre, takk :-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)