torsdag 1. april 2010

Høgtideleg familiekos

Det går nesten ei veke mellom kvar gong eg bloggar no, men eg har ikkje internett enno og brukar mobilt breiband som eg ikkje har tilgang til heile tida. Den siste veka derimot har vi vore på påsketur til Volda, heimstaden min, og då er vi travelt opptatt med å kose oss.
Emil og pappa kjem godt overens. Dette bilete viser eg særskilt fordi t-skjorta som pappa har på seg har eg laga. Det er då bilete av ein av veteranbilane pappa har. Pappa er ein t-skjortemann og då er det artig å lage slike på internett.
På loftet til pappa fann vi den gamle dukkevogna mi. Den er nesten ubrukt og ser like fin ut enno. Eg leika ikkje med dukker som lita, berre av og til når eg følte eg måtte, så det er kjekt at Malin ville prøve den. Ho er ikkje så opptatt av dukkene, men trille er veldig kjekt.
Det vart spelt bowling på Wii Nintendo kor pappa stakk av med sigeren. Malin trur ho spelar tennis, men er eigentleg ikkje med.. Så lett å lure, hihi.
Mamma bidrar godt til at vi får oss nokre små pusterom innimellom når vi er heime. Malin fekk seg sykkelhjelm og den skulle vere på hovudet heile tida. Her er mamma er mest opptatt av at Malin ikkje skal kakke Emil i hovudet med ponnyen. Han skulle nok ha hatt seg ein sykkehjelm han og...
Gutta boys. Emil og morfar.
Jonas er bror min og onkel til Malin. Han fyller snart 10 år og er veldig glad i små born. Malin synest det er stas å få komme på besøk og låne leikene hans. Det er så synd vi bur så langt vekke frå kvarandre, men telefonsamtalar og bileter i album hjelp Malin å huske sine slektningar. Vi har ikkje noko søsken eller foreldre her vi bur, så då er det viktig at dei ikkje vert gløymde.
Malin og Emil var eksemplariske i bilen. 6 timar med reise gjekk veldig fint. Eg satt i midten bak mellom dei. Emil sov stort sett heile vegen, og Malin kosa seg med musikk og bøker. Det hjelp også at vi tek fire ferjer på turen og at ho derfor får strekt seg litt innimellom.
I sjølve påskehøgtida er vi heime hjå oss sjølve. Det er mykje som skal gjerast både ute og inne, men i første omgong handlar det om å få rydda alt bosset ute. Eg kan kort nevne at vi har fått orden på kloakken og i neste veke skal internett kome i hus. Kommunen har trekt tilbake ferdigattesten og fleire kontraktørar har fått advarsel, så det vert ein del som vert gjort framover. Og kjekt er det. Vil sjølvsagt skrive meir om dette ein annan dag.

3 kommentarer:

Husdraumen/Anita sa...

God påske til deg og dine:)

Eirin sa...

Så fine unger du har!
godt at ting ser ut til å falle på plass i huset:)
god påske!

Miss Mette sa...

Så koselige familiebilder du viser. Kjekt med påskeferie ja... Herlige barn :) Ønsker deg en fortsatt riktig fin påske. Klem fra Mette