fredag 9. april 2010

Våren er komen, men problema tek ikkje slutt

No livnar det verkeleg i lundar her oppe på Dansebakken. Vi er omringa av fuglar som syng sin finaste song oppi trea. Det er verkeleg herleg å bu landleg og faktisk lukte og sjå at våren er komen. Når vi budde i byen var ikkje dette noko sjølvsagt. Det skjer mykje hjå oss om dagen, men vi er framleis utan internett slik at blogginga kjem ikkje så ofte som eg skulle ønskje.
Espen har fått seg ny motorsag og har tatt trea framfor huset. No kan vi sjå fjorden og ferja veldig godt når blada kjem på trea. Han held også på å ta tre og busker der vår framtidige plen/hage skal vere. Vi let bjørkene stå igjen for dei er så vakre. Vi rakar stein til den store gullmedalje. Det er ikkje lite som må rakast. Førebels tek vi området som kun er slåttemark slik at det ikkje skal kome stein i slåmaskina. Vi ventar meir jord i sjølve hagen.
Espen kjøpte materiale idag og er igang med terrasse framfor huset. Terrassa skal ha to høgder og førebels er det berre øverste trinnet som byggast. Den er 4 m x 1.8 m (mellom stolpane). Den nederste delen ventar vi med til all jord er tilkøyrd og gravearbeidet er ferdig.
Sjølv om våren er komen og humøret stig automatisk, vert vi ikkje kvitt desse spøkelsa som dukkar opp. Idag kom telemontøren og skulle koble internett, men måtte reise utan å fullføre arbeidet fordi elektrikar har gjort ein amatørmessig jobb. Elektrikaren var her på tysdag og trakk telekabelen, men dei har ikkje lagt trekkerøret gjennom huset og gjorde ei lettvint løysing med å feste leidninga på husveggen.
Dei to telemontørane berre lo av heile greia og hadde ikkje sett maken til makkverk. Å leggje lista slik som han har gjort under inngangsdøra skapar problem for snekkarane når dei skal liste.
Vi klagde i sommar på at dei hadde lagt trekkerøra på feil side av huset og dei kom og retta opp feilen. Likevel har dei ikkje klart og legge røra inni huset sjølv om der låg anleggsrør til formålet. Så no tok dei ein spansk ein og trakk leidninga opp til huset frå stolpen, langs veggen og inn den veggen dei første gong hadde lagt trekkerøret. Ved å gjere det slik så står det grå røret som leidninga ligg i opent, og det er lett for at det kan kome vatn nedi. Eit anna problem er at det lett kan verte skade på denne leidninga. Kabelen er fiberoptisk og det er derfor lett for at det vert øydelagt dersom nokon kjem borti dei mikroskopiske trådane. Telenor vil ikkje ta ansvar for dette og ba oss om å rette opp feilen. Det må gravast ei grøft langs veggen og legge leidninga i trekkerør heile vegen. Så no skal det reklamerast. Ingenting går knirkefritt her i gården. I tilegg fekk vi ei uventa stor tilleggsrekning frå same elektrikar. Omlag 20.000 kroner meir enn avtalt. Festlig...
Gode nyheiter på slutten: Det er klarvèr ute ikveld og ganske kjøleg. Det betyr strålande sol imorgon. Vi satsar på ein laurdag ute.

3 kommentarer:

Anka sa...

Hei Torill. Så leit å høre om problemene... Det så jo veldig simpelt med den ledningen uten på huset. Minnet meg litt om Spania, hihi. Neida, jeg håper virkelig det ordner seg og at det ikke vil koste dere en formue.

Ja, vi har hage. Sådde plen i fjord så i år står beddene for tur:) Eier ikke grønne fingre så dette blir spennende.

Ønsker deg en fin helg og nyt det fine været.

Grankongla - Livet på Bostad sa...

Huff a meg dere skla nå være bra uheldige også da!! Kjenner jeg blir litt sint på dine vegne!

Anonym sa...

Kjære mor altså....

Ej håpe dokke reklamera for dårlig arbeid ditta går ikkje and litt ein gong, frekke "J".

Ej og Aurora skal kjøre opp til Volda på mandag det blir kjekt å ta seg en tur dit igjen:):)

Om du vil vere med må du sei ifra:)
Helsing fra Siv