torsdag 15. april 2010

Hagen tek form

Idag kom entrepenøren tilbake og skal fullføre jobben. Gravemaskina var på plass og no var det tid for å grave igjen grøfter og planere. Det har til no ikkje vore mogleg å gjort noko grunna tele og enda var det snø inni steinmassene, men idag byrja hagen og ta form.
Kvifor slite seg ut med motorsag og greinsaks når ei gravemaskin gjer samme jobben på to sekund? Fantastisk. Det er masse hassel i hagen, dei er no vekke. Bjørkene har vi latt stå.
Masse jord har vorte tilkøyrt idag. Ikkje særlig fin jord. Masse store steinar og røter. Ein stor rakejobb ventar oss.
Her har han gravd igjen grøftene kor kloakk og straum ligg.
Og her er området ferdig planert. Fint ikkje sant? Eg har snart bursdag. Tenkte eg skulle ønske meg eit tre i gåve som eg kunne plante rundt styringshuset til Biovacen. Den er ikkje særleg vakker.
Planeringa fortsetter imorgon. Håpar sjølvsagt at vi kan ta til med raking i helga og at eg sitt igjen med ei god kjensle. Kjenner eg har fått nok av uflaks no.

4 kommentarer:

Anka sa...

Så effektive dere er! Ja, det er dere virkelig. Tusen takk for kjempe nyttig hage tips:)

Natta fra meg.

Kathrine sa...

WOw her går det unna ja!! hadde nok gjort seg med en vintergrønn busk ved den pumpa deres ja - evt får dere buygge et lite "hus" rundt den :)

Anonym sa...

Ikkje so dumt med eit "hus" rundt biovacen - då er den mogeleg både å finne uansett årstid, og ikkje noko blir øydelagt pga ver, vind og andre ytre påverknader :o)
Kjekt å sjå at hagen tek form!!! Det vert kjempefint :D Klem Lene

Lakka sa...

Gleder meg stort til vi kan ta fatt på utearealet! Så deilig å være ute nå som våren er i anmarsj:-) Det blir nok kjempefint hos dere når det begynner å spire.

Ha en fin uke fylt av FLAKS! Det har dere fortjent nå:-)

Lakka