tirsdag 16. mars 2010

Dåpshelg, snømåking og bihulebetennelse

Blogginnlegga mine kjem ikkje så ofte no, men eg har mine gode grunnar til det. I helga som har vore har vi hatt barnedåp for Emil. Vi skulle lage all maten sjølv og eg hadde planlagt heile veka dag for dag alle førebuingane. Det eg ikkje hadde tatt høgde for var sjukdom. Sjølvsagt vart eg sjuk mandag for ei veke sidan. Eg vart satt heilt ut og orka ikkje tråle ein einaste butikk for dei finaste serviettane, pynt eller spesielle matvarer. Mamma og svigermor kom fredagen, og pappa kom laurdagen og då fekk vi god hjelp til å få rydde huset, lage mat, stryke bunadsskjorte osv. Foreldre, søsken og fadderar framfor døypefonten. Sjå kor flotte bunadar vi har! Eg og Aud-Marte har sunnmørsbunad medan Camilla har nordhordlandsbunad.
Malin skulle få hjelpe til med å tørke hovudet til Emil. Det var litt vanskeleg.
Emil vart døypt i Hamre kyrkje frå 1600-talet. Kyrkja er utruleg vakker med utskjærimgar i tre og mala dekor. Døypefonten er frå 1200-talet.
Bordet vart enkelt pynta med blå lys og tulipanar. Når ein er sjuk, må ein gjere det enkelt. Vi serverte brennsnut til middag. Den sto mamma, pappa, Ivar og André for og dei laga alt for mykje. Så mykje at pappa tok med seg ei stor panne heim. V fryste ned fleire isbokser som vi har framover.
Emil og oldefar.
Kakebordet besto av suksessterte, kvit dame, kanelsnurrar med rosin og melis, sjokoladekake og gele. Dei tre kakene laga eg på laurdagen. Denne dagen hadde eg endeleg fått litt krefter til å lage mat. Huset hadde eg verken rydda eller vaska så svigermor tok seg av det. Huset ser fint ut framleis, men vi leitar litt etter alt som er rydda vekk.
Dåpskaka laga eg sjølv. Pynten fekk eg altså, eg har ikkje laga den. Det var første gong eg skulle lage kvit dame, men det gjekk fint. Kvit dame er det bergenske ordet for marsipankake. Det spesielle med kvit dame er makronbotn inni kaka. Eg har ikkje hatt smak og luktesans på ei veke så eg har ikkje fått smakt på kakene, men dei seier den var god. Eg laga i grunnen for lite kaker for eg hadde omtrent ikkje restar igjen. Det er slitsamt med fest. Pappa har tatt seg ein dupp ikledd sunnmørsbunad. Mannfolk og bunad høyrer ilag synest eg :-)

Det har vore ei kjekk og slitsam helg. Det er kjekt når heile familien samlast og vi et god mat, men det er slitsamt når vi akkurat har flytta inn, snøen som dalar ned kvar gong vi har måka veien fri for snø og når ein er sjuk. Idag har eg vore til lege og fått konstantert bihulebetennelse, så eg er sjukmeld frå blogging ei lita stund til.

4 kommentarer:

Kathrine sa...

Så utrolig koselig med dåp - men stakkars hvor sliten du må være etter sykdom i ei uke!!! Flott de fikk det til tross alt!

Husdraumen/Anita sa...

Bihulebetennelse er låkt! Usj, eg låg og med det heile veka før dåp i mars i fjor....då er det kjekt med mødre og svigermødre:)
God bedring!

Synast foresten det var flott pynta eg. Det enkle er ofte det beste;)
Og flotte var de i bunadar!

Snøven her heime skapar ikkje særleg store problem for oss. Anna enn det evigvarande spørsmålet om kvar vi skal gjere av all snøven? Snøfresar bure vore innkjøpt for lenge sidan...!
Måtte det slutte å snøve no -skummelt med skredfare!

Anonym sa...

Hahaha, likte det siste bildet ;o) Klassisk :D Lenemor.

annkolaas sa...

Eg har ikkje husbyggjarblogg, brukar facebook til det;) Vi byggjer hus på Giske ja; Valderøya:)