onsdag 25. november 2009

Velkommen til verda vesleguten vår

Endeleg var ventetida over for min del. Mandag 23.november klokka 02.34 kom ein liten gut til verda, akkurat på termindato. Fødselen gjekk veldig fort heldigvis... Guten var 3290 gram og 50 cm. At han var så stor som han var kom som ein overraskelse for både meg og Espen. Malin som var fødd 3 veker før termin var berre 2320 gram og 45 cm. Det er likevel veldig kjekt at han er såpass stor for då slepp vi ekstra vektkontrollar, matoppfølging, vitaminar og så vidare, og vi slappar meir av.
Bilete er tatt same dag som han vart fødd. Ein gut uten navn og som ikkje liknar nokon. Han har sove mykje og krever lite, men likar ikkje å ligge aleine og protesterte godt i natt når han fekk tilbud om eiga seng.
På veg heim frå sjukehuset. Eg reiste heim 1,5 døgn etter fødselen. Eg hadde fått einerom og fekk kvile godt. Ikkje var eg usikker på noko heller, dette har eg no gjort før. Kjekt var det også å kome heim til Malin. Dressen har eg strikka og hua er strikka av Reidun, tanta til Espen.
Vi var veldig spente på korleis Malin skulle ta dette. Ho er no 2 år og 3 mnd, og det har ikkje vore så lett å snakke om kva som skulle skje. Men ho var veldig nyskjerrig, ville hjelpe og passe på. Det er mykje kjensler også og ho tar lett til tårene. Vi kosar masse med henne og rosar henne for alt det er verdt. Hjelpe til får ho også. Ho viser mykje omsorg og våknar om natta når babyen lagar lyd for å høyre om alt er bra. Ho er veldig lik far sin slik... Litt hardhendt omsorg er det likevel og vi må ha augene i nakken når ho er ilag med han.
Dette bilete er tatt idag. Er ho ikkje skjønn som kyssar veslebror sin? Ho passa på å gi han ein kos når ho la seg og. Det har gått veldig fint til no, men sjølvsagt kan dette snu. Vi får berre gjere det vi kan for at ho skal føle seg prissatt.

Når det gjeld meg sjølv så er eg etter forholda i fin form. Sjølvsagt er kroppen sliten og det er ikkje så mykje eg orkar av fysiske anstrengelsar, men det går bra. Idag laga eg til og med middag! Synest det er så mykje kjekkare no enn sist gong. Alt er meir avslappa og eg veit kva eg held på med. Det hjelp sjølvsagt på at vi har ein baby med normal størrelse denne gongen.

13 kommentarer:

Eirin sa...

så skjønne unger asså:) bra at alt går så fint. håper det kommer mange oppdateringer fremover!

Anonym sa...

Berre ein ting å sei: NYDELI! Og d gjelde heile settingen. Håpe du ikkje slite dj ut no då - lær mannen i huset å lage middag også så du fe slappe av litt. Trass alt er det du som har født! Gla i dokke alle 4 :o) Lenemor.

Husdraumen/Anita sa...

Gratulerer so mykje! Og velkommen til verda til lisje prinsen:)

Nelly-Kristin sa...

Gratulere så mykje med vesle prinsen dokka, han va rett og slett nydelig :) ser ut som Malin gjer ein flott jobb som storesøster:)
kos dokke masse vidare :)

Nelly-Kristin

Nelly-Kristin sa...

Gratulere så mykje med vesle prinsen dokka, han va rett og slett nydelig :) ser ut som Malin gjer ein flott jobb som storesøster:)
kos dokke masse vidare :)

Nelly-Kristin

Anonym sa...

Åh...no vart ej litt verpesjuk her ej sitte, men kan godt vente til termin likevel;)

So skjønne liten gut ja:)

Helsing fra Siv

Jannemy sa...

Gratulerer så mykje.
To nydelige ungar har dokke :)

Janne-Marit

Trude sa...

Så kjekt å se bilde av "lissgut'n" som vi sier her oppe :) Kos dere masse, alle 4!

Lakka sa...

Å så koselig!! Gratulerer så mye med en nydelig liten gutt:-)

Aud-Marte sa...

Hei og gratulere igjen med en nydelig gut!

Mamma synst han ligna på bestefaren din inn i Austefjorden.... He besøk av ho no noken daga.

Kos dåkke masse med både liten og stor :)

Anonym sa...

Gratulere med gutten.
Han e nydelig og for en flotte dress du he strikka.

Helsing heidi

Husdraumen/Anita sa...

utfordring til deg inne hjå meg om du skulle få noko ledig tid;)

AnnetteK sa...

Gratulerer så masse med en vakker liten prins!!!
Kos dere masse.