tirsdag 10. november 2009

Puffermar og sure miner

Eg har strikka årets vintergenser til Malin og eg nådde målet om å verte ferdig til fødselen. Dessverre er den litt stor til henne. Den er strikka i toårsstørrelse, men Malin er ikkje den største jenta i gata og må nok vente litt før den vert tatt i bruk. Eg skal prøve å vaske den slik at forma kanskje vert annleis, men genser til våren er no like aktuelt som no. Vi bur heldigvis ikkje på den kaldaste staden i Noreg, så flisdressen heldt nok mykje på varmen i tillegg til ullundertøy og vinterdress.
Oppskrifta er frå Sandnes garn. Eigentleg er det ei jakke, men eg har gjort om oppskrifta til genser. Gidd ikkje å strikke att og fram når eg kan strikke rundt. Eg har brukt Smart-garn og kantane er hekla. Blomane er brodert på med ulikt resultat.
I morgontimane idag skulle Malin få prøve genseren, men det vart ikkje populært når eg skulle ta bilete samstundes. Som dokke ser så er det nokre voldsomme puffermar når genseren er for stor. Likar ikkje å montere genser og det kunne sikkert vorte betre, men eg trur ikkje det er derfor puffermane viser så godt. Jenta må nok vekse litt meir.
Morgonstund har gull i munn... Ho vart fornærma når ho ikkje fekk sjå bileta som eg skulle ta av ho. Ikkje lett å forklare til ein toåring at ein må ta bileta først før ein kan sjå dei inne i kameraet.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Lissje søte vennen :o) Nei ikkje lett å forstå alt som foregår, og kvifor ein ikkje kan få vite alt før det skjer ;o) Og genseren vart kjempefin!! Du e no flink både å strikke og montere, spør du meg! Klem Lene

Miss Mette sa...

:o)
Kjempesøt både jenta og genseren. Ønsker deg en riktig fin fredagskveld. Klem fra Mette

Husdraumen/Anita sa...

Hoho...herlege bilete!
Og kor flink du er til å strikke!!

Har sjekka ut bordet du tipsa om, men eg trur det blir litt for shabby når eg får tenkt meg om...Trur nok IKEAbordet (tipsa ikkje du om det og?) er meir aktuelt:)

Ha ei fin helg!

Aud-Marte sa...

So fine gensar! Du e jammen flittig :)

Me he tenkt å feire jul med oss sjøl i år men skal en snartur til Bergen helga før jul.... Kanskje me kan treffast då?

Ha en fin søndag!
Klem :)

Kaos eller ro? sa...

Heia,
har vore innom bloggen din fleire gongar og syns den er rettt koseleg. Mellomste mi har slik jakke som du har laga genser til Malin (fy for ei setning...)
HA ei god jul og til lukke med vesle Emil