søndag 15. november 2009

Elektrikar og rørleggar har vore i huset

Denne veka har rørleggar og elektrikar vore i huset og lagt opp rør og elektriske punkt. Imorgon skal byggekontrolløren kome opp ilag med snekkarane og vi skal saman gå gjennom huset før det skal platast igjen. Nokre små ting har vi å utsette på det som er gjort, men det skal vel verte ei ordning på det.
Masse leidningar og kontakter. Glad eg ikkje skal ha kontroll på dette. Slukar, rørskap, sikringsskap og anlegget for vegghengt toalett er på plass.

Når eigeninnsatsen er ferdig kjem dei tilbake og fullfører arbeidet. Alltid kjekt at ting går framover. No er det berre seks veker igjen til vi skal byrje med eigeninnsatsen. Tida går fort!

3 kommentarer:

Anka sa...

Plutselig er dere inne i huset, er det ikke herlig?! Ønsker deg en god kveld.

MissMette sa...

Å en travel tid, med mye rusk og rask... MEN nå går det fortere, det kan jeg love deg.... Gled deg fremover og ha en fin kveld. Klem fra Mette

Husdraumen/Anita sa...

Vi bestilde ikkje trappa då vi hadde oppmeldingsmøte sidan vi var usikre på korleis ho skulle sjå ut..
Elles er dei tinga vi har ombestemt oss på ting som enno ikkje har vore bestilt frå leverandør. Greitt sånn sett:)

Lykke til med fødsel!