fredag 6. november 2009

Vår i lufta

Det er vel ganske fjernt å seie at det er vår i lufta, men så er det berre tittelen på layouten min dokke får presentert. Kjenner eg er ganske lei av å scrappe no og då passar det vel bra at eg har fylt opp albumen. Bileta og fargane er litt grå og triste, men samstundes så er det så fantastisk med byrjinga på våren at eg ville ha dei med i albumen uansett. Eg ser ikkje bort ifrå at noko av sida vert endra på, men det orkar eg ikkje tenke på no.
Eg har fylt spisebordet med scrappeutstyr i det siste. Det er på tide å rydde det vekk og kanskje etterkvart leite fram symaskina. Med stor mage så er det litt ubehageleg å sy, men forhåpentlegvis er ikkje magen der så lenge. Imens får eg nøye meg med strikkepinnane. Eg er aldri arbeidsledig for å seie det slik :-)

2 kommentarer:

Sukkermamma sa...

Heilt imponert over den scrappinga di, og kor dedikert du er! Eg driv faktisk sjølv og putlar med slike ting; eg scrappar jo på data, men har våga meg til å printe dei ut og lime inn i eit lite cardboard album. Det skal eg pynte med litt ekte vare, så det er litt skummelt :D

Det nærmare seg termin nå; håpar fødselen blir ei fin oppleving, sjølv om det er !¤/&)(¤%"# vondt...

MissMette sa...

Ja helt enig! du er veldig flink med scrappingen, veldig bra :o)
Ønsker deg en god helg, og takk for hilsen på siden min, kjempekoz
Klem fra Mette