søndag 11. oktober 2009

Nymalt vogge

Når Malin kom til verda kjøpte Espen denne vogga til henne. Vogga er kjøpt ved fengselsutsalget i Bergen og er av ubehandla tre.
Vogga har fine utskjæringar, men ikkje så veldig fin i "fargen". Espen kjøpte denne vogga medan eg låg på sjukehuset så vi hadde ikkje moglegheit den gongen til å male henne. No derimot har eg god tid og med Sens maling kan til og med gravide male.
Vogga er malt i eggekvit. Sidan det er vannbasert maling vert det ikkje like glansfullt som ved oljebasert maling, men så hadde ikkje vogga vorte malt heller om eg brukte det... Planen er å male på sjablong og årstal, men så langt har eg ikkje kome. Årstalet vert 2007 då vogga vart kjøpt. Har tenkt å male det med lysgrå.
Malin har okkupert vogga og har leika mykje i den idag. Eg tok på sengetrekk slik at ho kunne ha dokkene sine i den, men ho fant ut at ho sjølv skulle ligge i den. Litt for liten er vogga, men ho kosar seg. Vogga kan både brukast som seng, båt, klatrestativ og diverse som berre ho skjønar seg på.

5 kommentarer:

Torill sa...

Det vart kjempefint. Hadde trekvit vogge til mine jenter. Den står lagra i kottet på loftet og venter på barnebarn... (Venter gjerne nokon år enno, eldste datter er 15)

Troen og Haapet sa...

Den ble veldig fin!
Castle Combe ligger 2 timer vest for London, i retning Bristol..så da går det jo an å kjøre dit;)
En fin søndagskveld ønskes!

Anonym sa...

Vogga vart kjempefin Torill!! Blir kjekt å sjå den "live" etterkvart og med nytt innhald ;o)
Har vore inn i fjorden ei kort helg dvs sidan laurdag, men var der heilt til det begynte å mørkne idag. Fint ver endeleg så me he hatt det kjekt og avslappande ;o) Klem (ein til veit du, spara ikkje på klemmar ;o) ) Lene.

Trude sa...

Flott vogge! Blir sikkert kjekt å få tatt den i bruk igjen :)

June sa...

Å så fin den ble! :)
Jeg har også er gammel vogge som jeg har planer om å male. Kjempegreit med sense ja:)

Så ut som den kommende storesøster koste seg oppi der.

Ha en fin dag

-June