tirsdag 13. oktober 2009

Eldorado for bøtte og spade

Denne layouten har verkeleg tatt tid av den eine grunn at eg har klipt og skjært ut bokstavane sjølv. For eit arbeid og aldri meir så mange ord på ein gong! Eg har ikkje så mykje anna stæsj på sida fordi mønsterarket er så vakkert i seg sjølv og bileta må også få fokus.Bileta er tatt 31.mai i år. Det var heilt nydeleg vèr sjølv om vatnet framleis var for kaldt til å bade i. Malin grov i sanden i timesvis heilt til ho sjølv tok initiativ til å ta på seg meir klede fordi ho fraus slik. Gleder meg allereie til neste år. Ein dag eller to med slikt vèr må no vi i det minste kunne forlange...

2 kommentarer:

trønder sa...

VAKKERT!

Anonym sa...

Scrappa du alle album du?? Da e du flinke;) ej lime berre inn i generasjonsalbum ej..nesten ikkje tid til det heller..huff huff

Helsing fra Siv