tirsdag 25. august 2009

Malin 2 år

Idag har vi hatt gebursdagsfeiring for vesle Malin som har vorte 2 år. Vi er i Volda hjå mamma og har hatt eit lite selskap med Iselin (ei venninne av meg) som gjest. Kaka i forrige innlegg vart bakt for dette høve. I tillegg hadde vi gelé med vaniljesaus og Brænnebrus/saft (lokalt merke).
For at det ikkje skulle verte så mykje pakkar på ein gong, fekk Malin opne pakken frå onkel André tidleg idag. Med store auger og forventningar, opnar ho pakken som blant anna inneheldt boka om Makka Pakka som vaskar venene sine. Drømmehagen er favorittserien til Malin. Når den kjem på skjermen, lyser ho opp og i ein halv time sitt ho heilt stille og ser. Boka fall i smak altså.
Geléen kunne ikkje kome fort nok på bordet. Malin var utolmodig og vi måtte gi ho noko fort for at ho skulle slappe av. Gelé og vaniljesaus er kjempegodt, mmm!
Vi foreldre og besteforeldre var mest spent på reaksjonen hennar når ho skulle opne pakkar. Vi tenkte at når ho hadde fått litt gelé innanbords, ville interessa for pakkane kome. Dette biletet illustrerer ganske godt det motsatte. Vi lokkar med pakke, men mormor du må vente, skal berre ete gelé først. Malin er kjent for å ete alt og mykje, og dette var altså ikkje noko unntak.
Ein stor pakke skulle opnast. Oj oj oj, seier Malin. Duplo lego er i vinden. Ein bondegård med mange dyr er populært for Malin som er glad i dyr. I tillegg fekk ho gravemaskin og traktor i Duplo. Så herleg å ha gebursdag! Imorgon skal vi nok få leikt litt med dei nye leikene, for idag vart alt litt for mykje for ho. Skal tru om ho drøymer om gelé i natt??

4 kommentarer:

Anonym sa...

Heia, gratulere so masse med overstått til Malin:) 2 år allereide, tida går superfort! Gele det var visst godt ja:) he he

Helsing fra Siv

Bdicte sa...

Hei! Takk for koselig kommentar hos meg:)) Utsikten fra soverommet mitt har jeg vist flere ganger, bare en stund siden nå...:)

For en søtnos du har!! Min egen søtnos blir også 2 år i oktober...litt rart, hehe!

Marita sa...

Flotte personar feirar stort og fleire dagar til ende.... Takk for at me fekk kome i burdagsfering i Krikebøvegen :) De va stas!!!!

Trude sa...

Gratulerer med overstått fra oss i Trondheim! Nyt helga :)