fredag 14. august 2009

Når ein bygg i "uren luren" samt litt framgang på tomta

Å byggje utanfor regulert område er ikkje alltid like enkelt. Særleg når tilkomstvegen er bratt, smal og svingete. Når kommunen skulle godkjenne dispansasjonssøknaden var det vegen opp dei merka seg. Vegen vi har laga er grei, men det er vegen som vart laga for 30 år sidan som er problemet. Det har vorte ein vane etterkvart å spørje alle som skal levere varer eller tenester på tomta om kva bil dei har. Vi måtte for eksempel få ein annan betongbil enn først tenkt nettopp på grunn av dette. Ein dag skal eg finne ut stigningsprosenten. Vegen hadde aldri vorte godkjent som veg skulle den lagast idag, men det er to husstandar som har budd her lenge, så det ordnar seg til slutt.
Biletet er tatt frå bestefaren til Espen. Det viser den bratte vegen opp. Det ser ikkje så bratt ut biletet som det eigentleg er. Der gravemaskina står skal huset stå. Det er ikkje så lett å sjå på biletet, men idag fekk vi besøk av dei som skal bore etter vatn for oss. Han hadde ein bil med boogiehjul kor berre eine bakhjulet trakk. I tillegg skulle han få opp ein stor kompressor som tilhengjar. Det gjekk sjølvsagt ikkje.
Vegen opp vart riven opp etter at lastebilen spann nokre gongar. At han hadde på kjettingar gjorde ikkje saken betre. Ein utelampe til naboen gjekk også med i styret. Det endte med at lastebilen kobla boreriggen ifrå, festa den til kompressoren og som ilag drog opp til tomta som ein robot. Så kom han opp med lastebilen etterpå. Han skulle gjort dette frå førstninga, då hadde vegen vore heil og lampen likeså. Heldigvis fiksa gravemaskina litt på vegen slik at vanleg bil kunne køyre på vegen. Elles kunne ikkje naboen kome seg heim.
Det har skjedd ein del på tomta dei siste dagane. No er planeringa i full gang, og det har byrja å kome jord i skråningane og der vi har planar om å ha plen. Dette er nedsida av huset. Den raude streken viser grensa. Ikkje særleg bra plassert som dokke ser, men lenger ned eigde ikkje bestefaren til Espen rett og slett. Det er likevel ikkje noko problem for oss å nytte arealet. Eg tenkjer det passar fint å ha hageavfall, kompost og evt. bikuber der. I skråninga vert det planta, laga trapper osv. Det skal kome plen oppå flata også, men dei legg jorda der tilslutt.
Ei skråning til. Dette er sida mot naboen. Vi eig alt dokke ser på biletet. På flata der som no er gras har eg tenkt å ha drivhus, matplanter og liknande. Litt skog skal ryddast, men det tar tid før vi heilt veit kva vi vil. Ein ting om gongen, er det ikkje slik?

6 kommentarer:

Anonym sa...

So kjekt å sjå!!! Va innom bloggen igår kveld litt tidleg, men då var dr ikkje noko nytt....men no va der. Lenge oppe kveldane du!!?? Hehe, ikkje lenge til me møtest no. Klem

Hus på solsida sa...

Heisann! Så kjekt at du liker bloggen min =)
For en fin blogg du har! Her kjem eg også innom fleire ganger =)
Tomta såg veldig fin ut...ser ut som dokke får kjempe fin utsikt med å bygge så høgt oppe...?
*klem Astrid*

xxxl sa...

oii for en fin tomt dere har.. ser ut som om dere får fin utsikt.. lykke til med husbygginga fremover.

Ha ei fin uke:)

xxxl sa...

men ser ut som om dere får en del utfordinger også.. men resultatet te slutt kjem nok te å bli kjempe bra :)

Ninas Drops sa...

Åi...vakkert sted å bygge på.
Herlig.
Ja du..vedr hullet i tallerknen...det er ikke helt igjennom skjønner du...bare fra fremsiden...hm...en kom med ide om å helde varmt vann i for å holde grøten varm..hm..kanskje.det.
Takk for titten her hos deg.
Drops som droppet innom deg.

Anka sa...

Hei på deg. Ja stolen må gå men det kommer noe annet fint inn:) Fine omgivelser på tomta. Kan tenke meg det er spennende.