onsdag 12. august 2009

Babyjakke i lyseblå bomull

Eg hadde noko bomullsgarn, Paris frå Drops, til overs og visste at denne er grei å strikke til så tjukt garn. Eg har strikka denne jakka før i dobbel alpakka, men eg må seie at eg synest den vart finare no. Til litt grovare strikk er tjukt bomullsgarn fint, men ellers er ull det beste. Ull får plagget til å forme seg så fint meiner eg.
Jakka er strikka i minste størrelse og er tiltenkt ein liten dokkemann som kjem til verda i oktober. Når ikkje mora eller bestemødrene strikkar, veit eg at det vert satt pris på heimestrikka gåver frå meg.
Knappane er av tre og er forma som små epler. Dei er kjøpt på Stoff og Stil.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Flink flink:) skulle ønske ej me fekk det til:)

Helsing fra Siv

Marielle sa...

Du er kjempe flink å strikke Torill! Han vil bli så fin atte :)