mandag 11. mai 2009

Fasade- og planteikningar av huset vårt

Eg har lenge tenkt å skulle vist bilete av huset vårt som snart skal byggjast, men det er så styrete med scanning at eg har utsett det litt. Det som gjer at eg vel å vise dokke teikningane idag er at eg fekk gode nyheiter frå kommunen. Innan eit par veker reknar saksbehandlaren med at vi er klare for å starte med byggjeprosjektet vårt. Vi har snakka med entrepenøren, og han kan starte i juni og vere ferdig slik at vi får satt opp mur i ferien. Med andre ord startar byggjinga av sjølve huset etter ferien, og det er ikkje lenge til!
Huset er eit ferdighus frå Byggkjøp. Buarealet er 146 m2. Det er ikkje stort, men vi likar fasaden og planløysingane. Det heilt avgjerande for at vi valte dette huset er taket. Det startar ikkje å "skråe" før 140 cm over golvet i 2.etasje. Vanlegvis startar taket frå golvet. På den måten misser ein mykje plass, og det unngår vi no. For meg som er så liten vil eg ikkje merke at taket skråar i det heile med mindre eg smyg meg langs veggane... På teikninga over er det ikkje gjort nokon endringar, men sannsynlegvis vil vi forkorte vindauga med 20 cm for å få kjøkkenbenken til å passe under vindauga. Glasa vert då 120 cm høge. Bileta kan du sjå betre ved å klikke på dei.
Dette er veggen mot garasja. Det vi har endra her er badevindauget. Det har vorte smalare for å få plass til ein dusj uten å misse areal på soverommet ved sida av. Døra frå vaskerommet har vi og satt inn. Eg har alltid meint det er praktisk med eiga dør frå vaskerommet. Ved sida av døra kjem hageslangen.
Litt skeivt scanna. Her har vi gjort ein del endringar. Vindauge til høgre for inngangspartiet er på stova og der var det opprinneleg ikkje vindauge. På andre sida av inngangspartiet har vi bytta ut to små vindauge som er like med dei i 2.etasje, med eit identisk med dei andre i 1.etasje (eg likar symmetri). Det var også eit slikt vindauge ved sida av døra som eg halverte. Draumen var å ha dobbeldør som inngangsdør, men det er ikkje mogleg på grunn av trappa innvendig. Dei fire små vindauga i 2.etasje rett under taket, gir brytning og lys.
1.etasje. Vi har valgt open løysning for stove og kjøkken. Kjøkkenet skal ikkje være L-forma, men U-forma. Vaskerommet og badet var opprinneleg tre rom. Ei bod, ein gang og eit bad med vaskerom. Eg var fast bestemt på å ha vaskerom for seg sjølv. Badet har vi minimert til det nødvendigaste då hovudbadet er oppe. Eg har bytta ut enkeldør med dobbeldør frå gang til stove. Ei dør frå gangen og inn der som tv-kroken skal vere er fjerna.

2.etasje. Ikkje mykje endringar. Dør frå soverom til bad er fjerna. Eg likar ikkje å gå på eit bad der nokon kan komme inn ein annan veg. Pipa er flytta litt og vinklane er derfor rettare enn slik det opprinneleg var. Vi skal ha enkel vask og ikkje dobbel på badet. Eg foretrekk benkeplass framfor vask.

Har du innspel så kom gjerne med dei. Arbeidsteikningane er ikkje laga enda. Eg tenkjer veldig mykje på baderomsløysingar og kjøkken. Mykje tid går med på internett, men det meste av idear finn eg i hovudet mitt. Espen har heldigvis ikkje så sterke meiningar enno, så eg gjer eigentleg som eg vil meir eller mindre. Eg har hatt ein husdraum sidan eg var 10 år gamal og Espen veit at dette betyr veldig mykje for meg. Eg håpar etterkvart at litt av mine idear kjem til uttrykk på bloggen, men foreløpig må dokke vente. Det er enno lenge til vi kan flytte inn, men no kjenner eg på meg at det verkeleg kan skje!

7 kommentarer:

Christinas låvebutikk sa...

Dette kommer til å bli sååå bra!! Skal følge med deg videre!
Ha ei fin uke!

Astrid sa...

Kjempefin fasade!
Eg er glad i dei "tradisjonelle" husa, og for tida er eg veldig til å studere alle fasader med ark og andre tilbygg. Grunnen er at vi har planar om å bygge på/bygge om litt på huset den dagen pengane kjem strøymande til oss:)
Det verkar som at du har det meste klart for deg både når det gjeld planløysingar og detaljar, du er flink!
Gledar meg til å følge med vidare:)

Ser at dokke har hatt ein fin tur til heimlege trakter. No er det surt og kaldt her, ventar berre på at sola skal kome fram slik at vi kan kose oss på 17.mai:)

Marte sa...

Det blir et kjempeflott hus!!! Et lite råtips er at å ha inngang der man har trapp opp til 2 etg. kan bli mye sand i huset. Vi har nå bygd på en egen gang for å slippe dette vi.
Hilsen Marte

Marit sa...

Hei !
Kjempekjekkt å sjå huset deka!!
Ser for oss nyahuset på " Balen "ja!!
Me er i Kinsarvik på Blømingsfestival. God helg te dekå!

Klem frå Inge og Marit

kjersti70 sa...

Takk for kommentar på bloggen min :) Det var kjekt å høyre frå andre som bur der! Vi både gler og gruar oss; kjenner ikkje ei sjel på Osterøy, men det skal nok gå bra. Eg ser at du også har flytta dit, utan røtter til staden, men du verkar å trives ;)

Vi skal leige medan vi bygger, så vi flyttar om ein månads tid :)

kjersti70 sa...

Eg prøvde å sende deg epost, men den kom rett i retur; har du feil epost her inne kanskje? :) Meg kan du nå på kjersti@kvamnet.no.

Vi skal leige i gamleskulen nede i sjølve Valestrand :)

Helga og Steffen sa...

Det her må berre være samme hus som Beate og dei har bygd. I vertfall VELDIG likt! Du må sjå bilder av det på facebook. Blei kjempefint! Tusen takk for gåve til Håvard!:) Alt vel?