søndag 5. april 2015

Restegarnprosjekter

Eit halvt år sidan siste blogginnlegg. Sist gong var det haustferie, no er det påskeferie. Det seier kanskje noko? Det er slik som mange seier, eg prioriterer det ikkje. Eg har Instagram der eg til tider spyr ut augenblink frå kvardagslivet. Det er enkelt, det går fort og eg likar konseptet. Det betyr likevel ikkje at bloggen er daud. Sidan det er 1.påskedag kan vi vel seie den har gjenoppstått. 

Eg har hatt eit prosjekt sidan Anna var fødd med å kvitte meg med mest mogleg restegarn. Og det merkast i korga at eg har hatt fokus og haldt meg unna dei store kjøpa av nye freistande garnnøste. No er det berre krampetrekningar att før eg kan seie at korga er godkjent tom (altså ikkje heilt, men godt nok).
Restegarnprosjekt må tåle å ikkje få 1.premie i utsjånad og fargeval. Denne hua er strikka i Drops Lima og er restar frå ein genser eg strikka til meg sjølv. Hua har blitt mykje brukt i vinter.
Eg er så ufatteleg lei av av babyull etter mange år med babystrikk. Dette var nesten det siste eg hadde av garnrestar og det vart ei ribbebukse til Anna. Mønster frå Pickles.
Ein kjole i striper som vanleg. Slik er det jo med restegarn. Kjolen er i str 1 år og den ga eg vekk.  Mønster frå Pickles.
Denne uglehua fann eg mønster på Ravelry. Den står på engelsk, laga av ei fransk dame. Eg synest den var utruleg fin og garnet eg har brukt er Drops Lima. Den er typisk fransk, liten i storleiken.
Tjukkelestar til mamma. Smartgarn frå Sandnes. Oppskrifta er ei eg har brukt i mange år.
Finullgarn frå Rauma. Restar frå ei veske eg strikka for hundre år sidan (les 10 år). Det var den tida vi strikka og tova vesker. Fullstendig ubrukelege vesker så det gjer eg nok ikkje att om det kjem på moten igjen. Pulsvantane har eg strikka til svigermor etter mønster frå Drops.
Kragetopp frå Paelas. Strikka i Muskat. Historia bak garnet er til å verte sveitt av. Eg skulle strikke ein bikinitopp og eit skjørt. Bikinitoppen vart til, medan skjørtet rekte eg opp to gongar. Deretter var planen å strikke tunika til Malin, ho var då eitt år. Strikka 2-3 gongar, rekte opp like mange gongar. Eg vart aldri nøgd. Til slutt tok eg sats å strikka denne. Kanskje ikkje eit restegarnprosjekt, men heller eit gjenbruksprosjekt. Toppen vart omlag str 7 år. Ein kjekk topp å strikke, garnet var like irriterande som det hadde vore før.
Nok ei uglehue. Dagslyset var dårleg på den tida så vasken på kjøkkenet vart brukt som studio. Nød lærer naken kvinne å spinne...
Denne har eg nettopp ferdigmontert. Selekjole str 3 år, kan du tru?! Måla stemmer, men den var alt for  vid. Både Anna og Emil drukna i den. Så eg fekk mamma til å strikke den litt lenger fordi eg sjølv var umotivert, og vips så passa den til Malin. Og grei som ho er gjorde ho som modellar flest. Ho lot seg flette på håret, tok på seg bunadskjorte og strømpebukse berre for å at eg skulle få tatt eit bilete. Garnet er babyull av ulike merker. Eit par sambygdingar har bidratt med garn for at eg skulle verte ferdig. 
Til slutt er det enkel nøstebarngenser frå nettopp Nøstebarn. Eg brukte ein halv pinne større enn oppskrifta sa og då passa eittårstorleiken til Anna som er 2.5 år. Garnet er Smart frå Sandnes. Hadde sjølvsagt litt for lite så eg måtte kjøpe eit par nøste for å verte ferdig. Anna likar den kjempegodt og tok eiendom i den før eg rakk å tenke meg om. Hadde eigentleg tenkt å gi den vekk.

Det er faktisk kjekt å strikke restegarnprosjekt, det er garnet som bestem kva du skal strikke. Utfordringa er å kome ut av det moduset etter lengre tid, eg sto heilt fast på kva som var mogleg med frie valmoglegheiter, men det gjekk fort over. Idag har eg bestilt masse garn som eg gler meg å ta til med i månadane som kjem.

1 kommentar:

Mallemolin sa...

Eg er heilt imponert over kva du har fått til med alt restegarnet! Eg prøver standhaftig å bruke av det eg har,men det snik seg til stadighet inn nye nøster... ;p