Malin har endeleg fått sine første ski. Prinsesseski sjølvsagt. Ho har prøvd litt ski i barnehagen, men her heime har det kun vore akebrett tidlegare. Vi kjøpte skia igår, midt i julerushen, og Malin gledde seg slik til å prøve dei. Sjølvom det er ein del av julegåva fekk vi klar beskjed av ho at vi måtte ikkje pakke dei inn. Ho skulle ha dei no.
søndag 11. desember 2011
Skiglad fireåring
lørdag 10. desember 2011
Naturens terrorist
Eg slit litt med å vere positiv for tida. Det er ein av grunnane til at bloggen står litt stille. Eg er ikkje sjuk eller noko, men vinteren er komen. Vinterdepresjon tenker du? Skulle ønske, men det er berre årstida som terroriserer oss. Dette er gammalt nytt, eg tyt på dette året rundt slik at eg er sikker på at ALLE får det med seg at vi har det mykje verre enn alle andre... Om det er det du trur eg gjer, ja kanskje det, men neida det er ikkje det som er tanken. Eg berre hatar vinteren og det er innlegget idag handlar om.
Før var vinteren fin. Kvit snø gjorde vinteren lysare. Snø var varsel om jul. Snømann, snølykter,majestetiske fjell i vinterdrakt... Julestemninga som alle på facebook tyt om når første snøfugget fell på bakken kjenner eg ikkje lenger. No kjenner eg berre forakt. Og kva har skjedd? Eg har flytta på ein topp. Ein stad som ingen skulle tru nokon kunne bu. Mamma sa til meg før vi bygde huset "Korleis skal det gå om vinteren, bakken er veldig bratt?". Espen hadde budd der i 20 år, aldri vore snø der, "det er vel ikkje noko problem?" Å så naiv ungdommen er....Ei lita historie frå kvardagen: Eg skulle på seminar og julebord igår og skulle køyre bil nr 2. Den sto ved huset og veien ned var isete og farlig glatt. Vi avgjorde at Espen skulle køyre meg noko som resulterte i at både eg og Espen kom for seint til jobb (destinasjon Flesland). Vidare var avtalen at Espen og borna skulle hente meg idag tidleg. Bilete over viser kva problemer turen først byrja med. Espen satt bom fast og bilen spann seg djupt ned i gjørma så jorda spruta. Eg var ikkje tilstades, men bilete av trillebår og spade seier vel sitt. Då bilen endeleg kom seg laus var det likevel ikkje berre til å køyre. Kommunen gløymer visst at det bur folk her oppe og den delen som dei har ansvar for å måke og strø var rett og slett uframkomeleg. Strøbilen vart tilkalla og dukka opp 1,5 time seinare. Heile nabolaget måtte sitte å vente på dei og timane gjekk. Eg måtte sjølvsagt finne meg andre skyssmoglegheiter, men planen var likevel at Espen skulle kome til Åsane. Det viste seg at strøbilen sparer på grusen, vegen var framleis uframkomeleg etter at han hadde vore her, og han måtte tilkallast på nytt.... Espen og ungane kom til Åsane. Slitne, trøytte, svoltne... Med julerush ein laurdag i Åsane vart vel dagen så lite koseleg som den kunne verte, og vi reiste heim. Heim til is og tåke.
Og kva kan vi gjere med dette? Vegen har vorte forbetra, det fungerer slik som det skal. Vi har kjøpt snøfresar, den fungerte som den skulle. Første gongen. Allereie etter andre gongen ville ikkje den meir.... Festleg. Eg har ikkje fleire ord. Eg ønskar meg storm, eg ønsker meg regn. Eg ønsker meg firhjulstrekkar.
Om nokon synest eg er veldig negativ, javel, eg bryr meg ikkje. Dagen idag er ikkje tid for å blogge om vakker juleinnpakning, julekransar og adventslys. Eg er berre lei. Og når God Kveld Norge er det einaste som er sjå på tv, ja då er det vel berre å legge seg.
søndag 4. desember 2011
Søndag før jul ein gong
Klokka er 16 og ute er det mørkt allereie. Helga er snart over og eg funderer på kor helga har vorte av. Eg sitt og førebur meg til eksamen som er om tre dagar. Det er ikkje så lett å få så mykje tid til førebuing som eg først hadde tenkt meg. Medan eg lagar bidragskalkyler, kontantstrømmar og vurderer om kostnaden aukar eller minkar resultatet, ligg resten av gjengen på sofaen. Den største snorkar, den mellomste har slokna og den minste ligg på sofaen og hermar etter lyden av den største.
Dette blogginnlegget vert no avbrutt av den minste som vil teikne sjølvkostkalkyle og rekne nullpunktomsetning på sin måte. Ønskjer alle ein fin kveld.
onsdag 30. november 2011
Siste haustdag
Det er siste dag i november og hausten er forbi. Det er framleis ikkje noko teikn til vinteren og det er eg veldig glad for. Ute bles og regnar det meir enn vanleg og innekos får eit nytt begrep. Sjølvsagt er det koseleg med vind som ular utanfor, men ungane ular dei og...
søndag 27. november 2011
Strikkefrustrasjon
I alle mine år som strikkar har eg kjøpt garn på impuls. Det har vore umogleg å "berre kike" når eg har vore innom ein garnbutikk og det har resultert i mange nøster som aldri har vorte brukt. Då eg skulle flytte i nytt hus tenkte eg at eg ikkje hadde bruk for eller plass til alt garnet, heller var ikkje garnet like moderne lenger, så eg kasta og ga vekk masse. Til slutt satt eg med ei lita samling som eg har hatt som prosjekt å strikke opp.
torsdag 24. november 2011
Emil 2 år
Emil fylte 2 år igår og det var stas, iallefall for foreldre og storesøster. Emil sjølv skjønna ingenting. Om morgonen fekk Malin gi den første presangen. Ho var sprekkferdig av spenning sjølv om ho visste kva ho skulle gi. Byggmester Bob-verktøykasse vart vel tatt imot både av søster og bror. Han fekk og opne opp pakkar med klede, deriblant ein Mikke Mus-gensar som han raskt tok på seg. Før han reiste i barnehagen opna han også opp Duplo-bossbil som han likte godt.
mandag 21. november 2011
Eit lite livsteikn
Dagane er så korte og det er så mykje som skjer at blogging har vorte nedprioritert i det siste. Før så sa eg alltid at det er så travelt før jul, men no er det travelt både før påske, før sommarferien, etter sommarferien osv. Dagane går i eitt og det er ikkje rom for å stoppe opp. Eg skulle gjerne stanse tida ein liten time, men oldtida sine fysikarar tillot oss ikkje det då dei bestemte 60 minutt, 24 timar, 7 dagar og 365,25 dagar i året.
mandag 7. november 2011
Huset vårt i fugleperspektiv
Det er så nydeleg vèr for tida, ein gløymer nesten at det er november. Vi har framleis til gode å ha frostnatt hjå oss, men no kjennes det ut som det er like før. Eg trur ikkje det er så lenge til vi får sjå ei ny årstid, så då passar det vel bra med litt seinhaustbileter frå Dansebakken.
Eg såg vèrmeldingane idag. 10 dagar framover med sol! Pass berre på å beskytte plantene mot nattefrosten, den er nok like om hjørnet no.
Abonner på:
Innlegg (Atom)