fredag 24. april 2009

Tova hue nok ein gong

Ei ny hue frå same mønster som forrige innlegg med berre små justeringar. Diverre har eg vore litt for hardhendt med ho, for den vart tova litt for mykje i maskina. Den er for liten til Malin med andre ord, og er kun til vinterbruk. Det viktigaste var likevel at restegarn er brukt opp...
60 grader var litt i overkant av kva denne hua trengte...

søndag 19. april 2009

Rask og enkel hue i finullgarn

Eg har framleis eit håp om å kvitte meg med det meste av restegarnet mitt. Eg har ein del tovegarn frå den perioda toving var veldig moderne, og eg har forsøkt å få vekk noko av det med å strikke den hua. Den er strikka i Rauma finullgarn og er tova i maskin etterpå. Litt lite toving synest eg, kanskje eg tovar ein gong til.
Modellen på biletet har noko ufrivilleg på seg denne hua, men det visast at det er hekla ein picotkant nederst. Garnet eg brukte var pt2.
Eg har byrja på hue nr 2 med nokre forbetringar av oppskrifta eg har funne i boka "Strikk og tov" av Gerd Finnanger.

lørdag 18. april 2009

Ein herleg vårdag

Allereie når vi vakna tidleg idag, strålte sola gjennom glaset. Det har vore ein heilt fantastisk dag med sol og blå himmel. Litt kald vind innimellom, men til å vere april har det vore heilt topp. Vi har vore ute i heile dag og leika. Espen har sykla ein lang tur. Hjå oss er sola tidleg og den forsvinn ganske tidleg på dagen. Då var vi heldige som vart invitert på ettermiddagssoloppleving og grilling hjå Ole André og Maren.
Dette er Maren og Ole André sitt daglege skue. Sola lyste så bileta mine er kvite. Når vinden slutta å blåse vart det ganske bra å sitje på terrassen deira. Den første grillinga for året fekk vi til, og no er det berre å vente til det vert grønt.
Meir av utsikta. Ein kan aldri verte lei å sjå ut av stoveglaset her. Fekk kjensle av påske og høgfjellsol :-)
Sandra og Maren. Bileta er som sagt veldig lyse og det var vanskeleg å ta bilete når eg ikkje såg noko. Dette bilete viser at vi grilla og åt iallefall.

To herlege jenter. Det skiljer 9 månadar mellom dei, men dei koste seg ilag. No har Sandra nettopp byrja i barnehagen til Malin, så det vert nok eit godt bekjentskap etterkvart.

mandag 13. april 2009

Kvardagsliv ute og inne

Eg er høgst fråværande på bloggen for tida, ja til og med på internett forøvrig. Derfor kjem det no eit innlegg som kan oppsummere litt av det som vi har finne på dei siste to vekene. Det ber preg av at det er vår og at vi er mykje ute. Malin er i full aktivitet, og mor og far i huset er slitne. Når ho har lagt seg, er det ikkje blogging eg tenkjer på først.
Bøtte og spade er to reiskapar som Malin brukar flittig. Ho finn seg litt grus eller litt sand som ho spadar i. Den vesle bøtta fyller ho, tømmer, og fyller. Så et ho litt på steinane, smakar litt på grusen, og rotar litt med hendene ned i den skitne jorda. Alt som det skal vere for ei jente på 19 månadar.
Vaske opp har vorte ein populær aktivtet. Det er ikkje råd å få stå ved vasken aleine lenger. Oppvaskkosten, skummet og vatnet er veldig spennande. Eg kan ikkje stoppe henne heilt heller, eg vil sjølvsagt stimulere henne til å gjere husarbeid :-)
Å henge å dingle med beina bak sofaen er også morsomt. Den store magen hennar stoppar henne frå å dette ned.
Når det er fint vær er det om å gjere å vere mest mogleg ute. Vi har asfalt rett utanfor huset og ein trafikert veg like ved. Derfor passar det fint at det er ein liten leikeplass opp i feltet her. Desse gyngehestane var kjekke.
Aud-Marte og Ola har vore påskeferie i Bergen og tok turen innom oss. Sonen deira Vegard er 11 månadar og er ein skjønn liten gut. Malin følte først ein viss trussel når han kom, ho skulle trass alt vokte over tinga sine, men etterkvart kom dei godt overens. Ho var heilt utslitt når dei gjekk.
Vi fekk besøk av pappa, Lene og Jonas i tre dagar. Jonas er onkelen til Malin og fyller 9 år i juni. Han er ein kjempeflink onkel. Han tar seg slik av Malin at vi andre kan slappe av. Han leikar med henne, passar på henne og hjelper til. Han er umåteleg stolt av henne, og Malin likar Jonas utruleg godt.
Været var ikkje av det beste når dei var her, men onsdagen var fin. Ein liten tur til næraste barnehage fekk vi tid til. Både Malin og Jonas trengte å lufte seg litt.
Jonas hjelper Malin med å reie (disse, huske, gynge,fausa om du vil)
Vi kjøpte ein sykkeltilhengjar i haust på opphørssalg. No fekk Espen endeleg montert den til sykkelen og dei to tok seg ein tur. Malin lo og fryda seg. Dette var kjekt! Eg har dessverre ikkje sykkel, men det er på ønskjelista. Tenk kor kjekt det hadde vore med sykkeltur for alle tre.
Siste bilete er tatt idag. Malin har vorte svært opptatt av ein gammal mobiltelefon som ho har fått.

Vi har hatt strålande vèr og var ute i heile dag. Mor til Espen er på besøk, så vi har vore hjå bestefaren på Burkeland veldig mykje dei siste dagane. Det er heilt herleg, og eg har ikkje lyst på jobb igjen imorgon. Påska skulle vart ei veke til, men slik er det vel for alle.

onsdag 1. april 2009

To nye sider til Malin sin album

Det er ikkje så ofte eg tek fram papir, bileter og scrappeutstyr. Det skal likevel gjerast og igår tok eg meg saman og laga to sider av det materialet eg hadde. Eg har ikkje så mykje utstyr og ikkje har eg god tilgang til scrappebutikkar, men det vart no greitt likevel.
Badeglede er kun pynta med papir i ulike fargar. Skrifta har eg klipt ut for hand og det tok lang tid å lage den. Eg hadde nokre blomar i grønt av papir kor ein av dei vart brukt her. Det er ikkje så viktig for meg å ha det så fancy og avansert, det viktigaste er at sidene lagar litt liv og at kvar enkelt side er unik. Valget av raudt og grønt papir har bakgrunn i at leikene i baljen er av desse fargane. Situasjonen på bileta er ganske unik også. Det er ikkje ofte Malin har likt å bade, men denne dagen var vi heldige som hadde kamera med.
Å bake pepperkaker synest Malin var kjempekjekt. Eg har valgt stripete ark fordi puta i stolen til Malin er stripete og ganske lik arket. Det prikkete arket skal gjenspegle nonstopen på pepperkakehuset. Eg er ikkje så nøgd med skrifta på biletet, men eg var så lei på slutten at det vart som det vart.

søndag 29. mars 2009

Eplekake

Eg fekk eit innfall igår at eg skulle bake eplekake. Kaka er lett å lage og i tillegg er den kjempegod. Oppskrifta vil eg dele med dokke som eg har fått av mamma. Eplekaka er saftig, smakfull og held seg lenge dersom du klarer å ikkje ete den opp med ein gong.
Kaka ser stor ut på fatet og ein trur den skal vare lenge, men eg skal seie kaka fekk bein å gå på.
Med ein gong kaka var ute av ovnen, reiste eg avgårde til butikken for å kjøpe is. Varm eplekake med is er berre så utruleg godt! Eg vert aldri lei eplekake.

Oppskrift:

200 gram smør og 200 gram sukker som rørast kvitt.

Tilsett 4 egg, eitt og eitt om gongen.

Sikt i 170 gram kveitemjøl og 1 ts bakepulver.

Ha røra i ei smurt kakeform.

Legg i eplebåtar som er skrella. Strø på kanel og sukker.

Steik kaka på 180 grader i 45 minutt (nest nederste rille).

torsdag 19. mars 2009

Ein kveld med pelargonium

Det er mange slags draumar ein kan ha. Ein liten draum som eg har hatt, er å vere medlem i eit hagelag. Tanken var at ein skulle veksle erfaringar og planter, og gi kvarandre idear og inspirasjon. Det er ikkje heilt slik her på Osterøy, men eg har no vorte medlem og tek del i dei månadlege møta som vekkjer interesse. Igår var eg på hagelagsmøte kor Pelargonium var tema. Utruleg mange flotte artar og variantar som vart vist i form av lysbilete.Over ser dokke Millfield Rose. Ei stjerne av ein blome. Liknar meir på rose enn på pelargonium, men eg kan forsikre dokke om det er pelargonium. Denne blomen vil eg gjerne ha i hagen min til neste år.
Dette er Dronning Ingrid. Den har eg i vindauget mitt og eg har planer om å lage stiklingar av den slik at eg får fleire. Stiklingar av pelargonium skal visst vere enkelt. Du sett stilken rett i jorda med litt vatn, og set den under lys. Ikkje sollys, men for eksempel under kjøkkenbenken. Ha ikkje plast over, då rotnar stilken. Stiklingane er best å sette om våren eller på seinsommaren.
Appleblossom rosebud er ein spennande variant. Veldig romantisk utsjånad og eg får ei sommarkjensle av å sjå på biletet av den. Pelargonium er ei utmerka sommarplante. Den treng sol, varme og litt vatn. Den skal ikkje overvatnast og vatninga skal skje under potta. Om vinteren skal den oppbevarast frostfritt i ca 10 grader. Eg har latt den stå i glaskarmen og det har gått heilt fint, men mulig at det ikkje er det optimale...
Dette er ein av dei eldste av pelargoniumane; Lord Bute. Slik vi fekk fortalt det skal dette vere den ultimate pelargoniumen. Utruleg annleis, vakker farge og sjølvsagt veldig fin.

Eg brukar dette innlegget litt som ei huskeliste for meg sjølv. Her på bloggen kan eg samle alle tips og råd, alle idear undervegs om hage og planter fram til eg startar på min eigen hage. Reknar med at det skjer neste år :-)

Kan ellers seie om planta at den skal gjødslas regelmessig, ikkje ha for store potter, og den skal pottast om kvar vår. Vil du at planta skal vere like liten som før, kan du berre skifte ut noko av jorda rundt røtene og sette den tilbake i same potte. Ønskjer du ei større plante, tilføyer du jord rundt røtene og set den i ei større potte. Pelargonium treng ikkje beskjæring, men du kan eventuelt gjere dette om hausten. Planta brukar vinteren til å lage knoppar og den blomstrar frå mars til oktober. Det er sikkert meir å seie om pelargoniumen, men då får ein heller kikke på ulike nettstadar om ein vil lære meir.

tirsdag 17. mars 2009

Besøk av Marie

Eg har vore så heldig at eg fekk besøk av Marie i helga. Marie og eg budde ilag medan vi var studentar, og har halde kontakta sidan. Vi har ikkje sett kvarandre så mykje, men det er veldig kjekt når det først skjer. Denne gongen fekk ho oppleve Valestrand. Det er marsmånad og framleis ikkje så vakkert ute, men vèret var heldigvis fint. Eg har vore aleine med Malin sist veke så ho var med på alt vi tok oss til.
Vi fekk oss eit par turar i det fine været. Marie er sprek og veldig flink å bruke naturen. Der har eg noko å lære, eg har vorte litt lat med åra...
Over ser dokke badeplassen ved Brakvatne på Valestrand.
Dei som kjem frå Valestrand er svært stolte over at Ole Bull budde her ei periode i livet sitt. Midt i bygda ligg eit stort og flott rosa hus i all si prakt med stor plen, stiar og elv som renn gjennom hagen. På garden står der også Bullagrana, ei gammal gran som dei heng julelys i ved juletider. Marie gjekk seg ein tur rundt treet, til ære for Ole Bull...

Takkar deg Marie for ei fin helg med god mat, IKEA, Stoff og Stil, fine turar og masse kos.