torsdag 31. juli 2014

Sørlandsbyane på vår veg

Eg er utruleg glad i gamle trehus og lysta til å oppleve sørlandsbyane har vore der lenge. Eg har høyrt og sett så mykje fint om dei kvite perlene, så det har vore kjekt å få sett alt sjølv. Vi voksne likar å gå i små gater blant gamle og sjarmerande hus, men ungane derimot ser ikkje meininga med det. Dei likte seg best på campingen. Så har vi erfart det og. Ein lærer mens ein lever, det er sikkert.
Grimstad har fleire heier som ein kan vandre til å oppleve byen i fugleperspektiv. Ved Grimstad kyrkje var det flott utsikt sjølv om det regna.
Dagen  vi gjekk i Grimstad var den einaste dagen det regna på turen vår så vi kan ikkje klage. Eg fann ein butikk som bugna av flotte kjolar og kom ut av butikken med tre stykke. Mye Fint heiter den.
Eg vert veldig sjarmert av slike hus og gater som dette, men samstundes så bur dei veldig tett på kvarandre. Med alt det levenet som vi lagar så trur eg det er best at vi bur her vi bur....
"Hen e leikebutikken? Eg e tørst, kan eg få slush? Eg vil ha is! Kor tid får eg ei leike?"
Ein ettermiddag reiste vi til Arendal for å ete middag. Nydeleg vèr og stemning. Vi endte opp med Egon's. Heilt kurant. Eg fekk iallefall ete litt salat. Det vert ikkje så mykje grønne vekster på campingtur.
Desse byane langs sørlandskysten har vore utruleg flinke til å ta vare på historia. Her på Vestlandet opplever eg at alt som vart bygd før krigen skulle fjernast til fordel for betongbygningar og moderne løysingar. Det er vel kanskje derfor vi vert så sjarmert når vi ser slike stadar som dette.
Arendal på veg ut i havet.
På veg til Kragerø stoppa vi i Tvedestrand. Eg har høyrt mykje fint om staden så vi svinga innom. Og fint var det.
Sjølvsagt måtte vi stoppe i Risør. Og rykte om byen lyg ikkje. Iallefall ikkje når det er sol og varmt. Så fint det er her! Eg gjekk forbi eit hus med eit flott blomebed utanfor huset. Så mykje fint på så liten plass. Fantastisk!
Det var utruleg mykje båtturistar. Alt ifrå små robåtar til digre luksusbåtar.
Vi var i Risør berre eit par timar så vi såg berre det som var sentrum, men det var veldig fint det vi såg då. Eg vil gjerne tilbake.
Den som hadde hatt ein båt...
Og i Risør har dei slush på Joker.
Siste by er Kragerø. Her overnatta vi tre dagar. Det skal eg fortelle meir om ein annan dag.
Det var overfylt med folk og ein voldsom hete. Vi vart raskt ferdig med å vere her den eine dagen og tok igjen turen i byen dagen før vi reiste.
Kragerø var ein fin liten stad, men det var nok Risør som sjarmerte meg mest.

Ingen kommentarer: