mandag 19. august 2013

Første skuledag

Så var det min tur å verte skulemamma. Fyrstefødde er no skulejente og det var i grunnen stas. Dagen starta ganske tidleg og tanken var at vi skulle ha ein kjekk morgon alle fem til ære for skulebarnet. Diverre hadde eg ikkje førebudd noko som helst. Ungane måtte badast, vi voksne måtte dusje, maten måtte smørast, kleda måtte vi finne og skulesekken var heller ikkje klar. Det vart ein travel morgon, men vi kom oss ut alle mann i rett tid trass manglande frukost i magen for min del.
I gymsalen kor vi skulle møtast var forventningane store, men etterkvart vart det keisamt for Malin som måtte høyre alt rektoren hadde å seie. Ho var meir enn klar for å kome inn i klasserommet og gleda var stor då ho fann pulten sin med navnet sitt på. Då borna skulle ta fram skrivesakene sine var penalet lagt igjen heime. Vi hadde funne det fram på morgonen, men i alt kaoset gløymde vi å ta det i sekken. Tårene til Malin trilla. Herlighet, verdens dårlegaste mor....
Skulen løyste det med låneblyantar, men det var sjølvsagt ikkje det same. Hello Kitty-penalet var det ingen som fekk sjå.
Då eg fekk forlate klasserommet var det husarbeid heime som venta. Støvet som hadde opparbeidd seg over lengre tid (vi snakkar veker) og fleire sekkar med klede som hadde hopa seg opp vart tatt. Det kvernar i hovudet mitt. "Korleis klarar andre det, dette må då gå an å få til? "
Malin hadde hatt ein fin dag. Tårene trilla då ho ikkje fekk gå på SFO. Stakkars unge, ho måtte vere ilag med mora si. Ikveld har eg smurt niste, leita fram klede, alle er reine og eg kryssar fingrane for at både penal og støv er der det skal vere imorgon.