søndag 9. juni 2013

Sommarkveld

Etter å ha snakka med mamma har eg forstått at det er dårleg vèr på Sunnmøre. Så då må eg skryte og dele nokre bileter slik at dokke vert misunneleg dokke som ikkje har sol. Det er sjølvsagt kvar sin gong å ha fint og stygt vèr, men eg meiner at det er ganske bra med fine dagar akkurat her vi bur samanlikna med både Sunnmøre og Bergen. Sjølv om Bergen berre ligg 45 minutt frå oss så er det stor forskjel. Jaja, nok om det. Sunnmøringar drit vel i kva eg meiner om vèret på Osterøy.
Dette er kosekroken eg har vist tidlegare og om kvelden så er plassen perfekt. Tak over hovudet og kveldssol i ansiktet. Om dokke ser bak så har rosene og klematisen byrja å få bra storleik og eg gler meg til juli kor det byrjar å bløme. Eg elskar sommaren, alt den har å gi oss både av varme og ljos.
Graslauken er så fin synest eg. Akkurat no når den har knoppar er den på sitt finaste synest eg.
Sommarastersen har vorte høg allereie og klatrerosa skyt skot i full fart. Meininga er at alle desse plantene skal vekse seg store og tette slik at det er minst mogleg jord som viser. Nokre sommarblomar har eg og sådd her, det får vi berre vente og sjå om det vert ein suksess eller fiasko. Sjå det fine kveldsljoset på veggen!
Eplebløming. Kan det verte meir nasjonalromantisk enn dette? Og det luktar så godt! Diverre blømer ikkje det andre treet så det ser dårleg ut med epler i år også. Eg har hengt steinar i hyssing på greinene slik at det skal verte meir frukt. Forklaringa er at treet trur det skal døy når greinene bøyer seg og då gir den sin siste kraft til treet. Sevja strøymer ut i greinene og det gir større kraft til å lage frukt. Noko i den dur...
Raud jonsokblom i kveldssola. Nyslådd gras og frodig skog på alle kantar. Her sitt fuglane og syng og er like glad i sommaren som meg.
Og no har skogsstorkenebben kome! Dei er så fine i blomebukettar. Juni er den beste månaden for å plukke bukettar.
Sjå alt som kan plukkast. Dette må eg meddele Malin. Ho plukkar bukettar kvar einaste dag. Her er raud jonsokblom, skogsstorkenebb, smørblomst, bregner, marinøkkelblome og kanskje finn vi hundekjeks og. Så mykje vakkert! Ei flott avslutning på veka.

Ingen kommentarer: