søndag 9. juni 2013

Instagram

I 1997 hadde eg mitt fyste møte med internett. Det var i 1.klasse på vidaregåande og vi vart satt framfor datamaskiner for å prøve oss fram. Eg ante ikkje kva eg skulle gjere så eg fekk hjelp av andre som hadde meir kunnskap om dette internettet enn meg. Vi vart introdusert for Mirc, ein stad kor ein kunne snakke med andre som kom frå andre land. Det var heilt utruleg å sitte og skrive til ein annan person på same tid som eg. Men kva skulle ein snakke om... Dei fleste spørsmåla handla om kva kjønn eg hadde, farge på håret mitt, bryst-midje-hoftemål og kor gammal eg var. Ikkje så veldig spennande samtaleemne over tid.

Etterkvart som eg fekk innøvd touchmetoden via diskettar og verte kjent med word og excel, vart eg meir interessert i internett og. Bror min fekk seg datamaskin i konfirmasjonsgåve og mamma gjekk til innkjøp av internettabonnement. Gjennom utanomjordiske lydar fekk vi kontakt med omverda sjølv om telefonen på den tida ikkje var tilgjengeleg samstundes som vi var på nettet. Det tok utruleg lang tid å laste ned ei side og ikkje visste vi heilt kva vi skulle bruke internett til heller. Det vart for det meste mail. Og mailadressa delte ein gjerne ilag med heile familien. 

Vidaregåande var perioden då folk skaffa seg mobiltelefon. Fram til då var det berre dei mest interesserte og dei som trengte det i jobben som hadde. Telefonane kunne folk få til ei krone og ein kunne sende tekstmeldingar til kvarandre. Eg skulle sjølvsagt ikkje ha, kunne ikkje skjønne vitsen med dette. Eg var heilt sikker på at dette fenomenet kom til å gå over. Då eg skulle jobbe ein sommar i Geiranger overtok eg ein gammal mobiltelefon kun fordi familien skulle få tak i meg og eg skulle ikkje bruke den etter at eg kom heim att. Mobiltelefonen var ein Eriksson med tjukt batteri og lang antenne. Dårleg dekning gjorde at den var lite i bruk den sommaren. Sommaren gjekk over og eg behaldt telefonen. Fleire venninner byrja å få mobiltelefonar og eg byrja å pugge telefonnummer. Ja for når eg skulle sende tekstmelding måtte eg vite kva nr eg skulle sende det til for det var ikkje mogleg å bla opp nummeret etterpå. Eg huskar forresten enno telefonnummera...

Då eg byrja på høgskulen fekk eg mailadresse for å få all informasjon frå skulen. Venninner reiste på folkehøgskule og vi skreiv brev til kvarandre. Sms var upersonleg meinte vi og iallefall mail. Etterkvart ga eg litt opp denne brevskrivinga, det tok slik tid, så då sendte eg ut fellesmailar til alle eg hadde mailadresse til i den tru om at folk måtte då vere interessert i å høyre frå meg og mitt.

Så har tida gått. No har alle internett og mobiltelefon, vi har nettbrett og digitale apparat i alle retningar. Det er ikkje den ting som ikkje er mogleg å oppnå snart. Vi har vorte utruleg sosiale, men vi går ikkje lenger på besøk til kvarandre, men snakkar heller med kvarandre via facebook, sms, blogg, twitter og så vidare. Bloggen har eg hatt i over seks år. Den har gitt meg større innsikt på fleire områder. Det er kjekt å skrive, formidle og legge ut bileter etter slik eg likar det. Og no har eg altså fått Instragram. Eg som ikkje er oppvokst med video, microbølgeovn eller satelitt-tv har fått det store nye. Ja for enkelte er vel ikkje dette nytt lenger, men om du vil følge meg så har eg brukarnavn @dansebakken.

Så er det berre til å vente på kva meir av privatlivet vi kan legge ut. Kanskje ein dag får du sjå dopapiret mitt, men røysta mi får du aldri. Trur eg då....

1 kommentar:

Linda HD sa...

Hahaha! Gjett om eg kjenner meg att. Same story. Vart smått introdusert for data på ungdomsskulen, men på gymnas måtte vi jo verkeleg lære å bruke desse kolossane av nokre maskinar som peip og susa i alle retningar. For kvart tastetrykk var eg sikker på at heile skiten kom til å gå i lufta.
Time has changed, og godt er det. Er varsam med Facebook, som er utleveringsplattform nr.1. Altfor mange folk legg ut altfor mykje informasjon, og eg vil ikkje vere ein av dei. I så tilfelle er det ting eg brenn for, som eg meiner har ein slags nyhendeverdi for dei altfor mange folka som får tilgang til mi utlevering. Instagram er betre. Eit meir avgrensa "samfunn", og ein fin måte å formidle kvardagsaugeblikk på. Ein har mykje betre kontroll over kven som får sjå bileta ein publiserer, og kven ein ønskjer å følgje.
Twitter er kjekt. Her finn ein fagmiljøa, debattantar, artikkelforfattarar, avisredaktørar, politikarar, og ein kan velje seg forum og følgje trådar for særskilte emne ein har interesse for.
Men det kjem vel nye ting og utkonkurrerer heile fjøla etterkvart. Då spørs det om eg klarer å henge på lasset i den digitalsosiale verda...