onsdag 30. januar 2013

Milepælar

Anna har det ikkje travelt, men når det først skjer noko er det kjekt. Anna rulla første gong for ein månad sidan, men det vart med den eine gongen. Så gjekk det ei lita stund og så skjedde det igjen. Deretter nokre dagar pause, men plutseleg fant ho ut at dette var kjekt! Sjølv om ho grin framleis av å ligge på magen, går det framover. 
Det kjekkaste som har skjedd er at ho seier "mamma". Og det er tydeleg at det er retta mot meg. Pappa-lyden seier ho også så vi ventar på at ho skal finne ut kven pappa er. Eg veit iallefall det...
Anna med si karakteristiske tunge.

Eg merkar at eg ikkje har like stort tolmod når det gjeld milepælar som med dei to andre. Då vi fekk Malin var alt spennande og nytt. Vi hadde ingen å samanlikne det som skjedde med og alt gjekk så fort. Og så klart, ho var eit geni, ho var eit talent og ho var heilt spesiell. Slik tenker vel alle med sine første. Så kom Emil som var raskare, større og flinkare til alt. Då forventa vi at det skulle vere noko det samme med Anna. Men neida, ho har gooood tid. Ikkje skal ho rulle, ikkje skal ho stå på beina, ikkje skal ho ete og ikkje skal ho utforske. Det beste er å vere med mamma, helst i armkroken eller på hofta. Dei to andre ungane har god apetitt, spesielt Malin har alltid ete masse. Anna er veldig småeten og nektar å opne munnen etter fire skeier med graut. Det eg likevel ventar mest på er at Anna skal sitte. No har vi to ungar som kan vere med på aktivitetar som gå tur, vere i snøen (om Gud vil), leike ute osv. Det vert som regel Espen som er ute med dei medan eg må vere ilag med Anna. Derfor vil eg at Anna skal sitte slik at ho kan vere i meis. Eg vil også ut! Eg gler meg til vår og eg gler meg til at heile familien kan gjere noko samla. Då Emil var liten var Malin også liten, men no har vi plutselig to aktive ungar og ei lita avslappa til livet-jente. Anna er kjempeskjønn, blid og god, men det kan ho vel vere fordi om ho kan sitte?

Så kjære Anna, gjer mor di ei teneste så ho ikkje rotnar og vert like grå og stygg som den møkkete sofaen.

2 kommentarer:

Kathrine sa...

Hehe he skjønner frustrasjonen, men skeng ho på ryggen i meitaien og ho kan værw med! Vi brukee ikke meis, bare meitai fortsatt :-) kjøpte bare en størrelse større ettersom gutten er over 80cm.

Kathrine sa...

Sjekk ut knytetips på www.tettinntil.no :-)