mandag 17. desember 2012

Julepynt i Fimoleire

Eg kjøpte noko Fimoleire til ungane på Panduro. På jobben hadde dei juleverkstad med nettopp dette kor dei laga hjarter med blonde- og bokstavtrykk. Eg tenkte ungane kunne bruke modellkitt/plastalinutstyret sitt til dette. 
Diverre var leira tung å jobbe med for små hender. Eg måtte hjelpe å kjevle ut fordi det vart for tungt. Malin klarte å trykke ut former medan Emil gjekk raskt over til vanlig leire som han leika med. Emil fekk derimot bestemme kva former eg skulle trykke ut. Ingen av ungane klaga då dei hadde modellkitt som dei kunne holde på med. Leira var veldig fin med glitter i og den var stabil å jobbe med.
Figurane vart steikt i ovnen på lav varme. Eg synest figurane vart veldig fine, men diverre fargar det lett av slik at fargane smittar over på kvarandre. Pynten vert ikkje hard, men hard gummi. Ungane mine kan ikkje vere med på dette, men større born og voksne kan ha glede av det. Leira er drøy og ein får mykje ut av lite leire. Ein pakke kostar 26 kroner og er på størrelse med ei fyrstikkeske. Eg brukte nesten ein pakke med raudt til dei figurane dokke ser på bilete samt eit par til. Den kvite har eg halvparten av igjen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk for fin kommentar ❤
Dette var jo kjempefint, me gjorde noko liknande i fjor :)

Me var på museet og besøkte fjøsnissen me, det var nok ikkje han som kom til oss ;) men me håpar han kjem om ei veke ;)

Klen Anita

Husmannsplassen i Hidlesundet sa...

Skjønne barn du har!
Så flotte votter du har strikket. Jeg hadde en tilgodelapp på husfliden og kjøpte votter for 450,- pr stk. Strikk i vei du:-) Du kan gjøre god butikk.
Ribben så god ut. Vi har pinnekjøtt som tradisjon her på julaften.
Ønsker deg en riktig god jul!

Juleklem fra Hjørdis