søndag 30. desember 2012

Romjul

I romjula har vi god tid. Dagane er stille, det skjer lite og vi et så vi trillar. Dagane etter jul leika ungane masse med dei nye leikene sine. Og vi åt så mykje at vi hoppa over middag på sjølvaste 1.juledag. 
Malin fekk seg vev med morfar og gjengen. Eg huskar eg ønskte meg ein vev då eg var lita, men fekk det aldri. Kanskje eg kan veve litt på Malin sin for å ta igjen det tapte. Ho må uansett ha hjelp og det er kjekt å gjere noko ilag med henne som vi begge har glede av.
2.juledag var vi ute i litt frisk luft. Vi tok med varm solbærtoddy, epler og banan med sjokolade i folie. Vi gjekk ikkje så langt, berre bak huset til bålplassen vår. Litt solskin hadde vi og.
Bålpanna har vore i bruk litt allereie, den står der heile tida så vi slepp å flytte på den støtt. Vi hadde ikkje noko anna enn frukt som vi kunne grille, men det er no ikkje maten som er det viktige (denne gongen).
Provisorisk benkeplass.
Sørpe er utruleg fristande, kan ikkje gå forbi den...
3.juledag kom det snø. Sjå kor raud i kinna Emil er. Ein søt liten nissemann.
Av ein eller anna grunn brukar ungane sklia mest når det er snø.
Emil har ikkje lært seg heilt å lage fart sjølv på dissa, men dette fungerer tidvis og.
Deilig nysnø og raude kinn. Det er så godt å vere ute når det er slik. Ungar som har vore ute og som kjem inn, som er kalde i kinna og varme på kroppen. Herleg!
Anna held seg inne og nøyer seg med å kike ut av vindauget.
4.juledag reiste vi til Drammen over Hemsedalsfjellet. Det hadde vore storm og kolonnekøyring nokre timar før, men no hadde sola brote fram og alt var berre heilt nydeleg. Det var nesten ikkje snø på fjellet då vinden heilt sikkert hadde blåst alt vekk.
Is på vegen, men vakkert og klårt vintervèr. På kvelden då vi kom fram fekk Espen og Malin seg ein skitur. - 7 grader og flott skiføre. Dagen etter, altså igår, kom regnet og det var ikkje så gøy med ski plutseleg. Då fekk ungane og Espen bade og dei var i badeland i fleire timar og storkoste seg. Eg og Anna var på handlesenter og opplevde parkeringskaos... Vidare idag har vi aka og nokre har vore på ski. Tida går sakte, men vi har det koseleg og vi slappar av. Akkurat slik romjul skal vere.

2 kommentarer:

Pia sa...

Er dere i Drammen nå? Dere får vinke når dere kjører gjennom Kongsberg...

Kathrine sa...

Så herlig med sånne dager!! Her har vi kosa oss masse og til helga er dt ettårsdag!!