onsdag 17. oktober 2012

Hue i flettestrikk

Denne hua strikka eg ferdig for lenge sidan, men dusken har mangla og det tok si tid før fingeren var ute. Å lage ein dusk kan sikkert fleire erindre å ha gjort på barneskulen. Vanlegvis nyttar ein to pappringar mot kvarandre, snurrar hundre og ørti gongar og klipper. Denne gongen har eg etter tips frå ei nabodame frå barneåra snurra rundt ein gaffel (!). Tipset finn du her. Eg brukte ein stor tregaffel for å få større dusk. Ein kan og bruke grillgaffel til dømes. Det gjekk kjempefort kan eg tilslutt seie.
Garnet er kjøpt på Spar Kjøp. Det heiter Gullgarn, er av ull og akryl, og fargen er nr 236. Oppskrifta er laga av Marte Helgetun, link og nettsida hennar finn du her. Eg har aldri strikka flettemønster før, men det var utruleg enkelt så det skal eg gjere fleire gongar.
Hua skulle eigentleg vere til Malin, men som dokke ser så passar den til meg. Kanskje ho vil bruke den likevel, vi får sjå. Eg tok sikkert 30 bileter av meg sjølv før eg traff vinkelen. Ikkje lett å vere heime aleine. Husmorproblemer...

5 kommentarer:

Ann-Kristin sa...

Den var jo knallfin! :) Når eg berre er ferdig med dei andre strikkeprosjektene, då.....

Lina sa...

Hahaha ♥ husmorproblem! ;) du e så søt! Og for ei flott hua! Flettemønster ♥

Kathrine sa...

Så fin ei lue!! Jeg er så dårlig til å strikke, men tro til og strikka lue i perlestrikk til Torvald, den passer meg......hhahaha

re:signert sa...

Hei Osterøy!! Takk for kommentar. SKIKKELIG kul lue. Både farge og fasong. Elsker Lilla. Flink du! Mvh Signe

Anonym sa...

Kor flink du e :o) Og so søøøøt ;o) Lenemor