torsdag 13. september 2012

Vår vakre, herlege turnprinsesse

Malin har byrja på turn og har vore der to gongar. Det er eit høgdepunkt og det er stor stas. På første trening var ho ilag med andre små prinsesser som hadde fine ballerinakjolar, eller turndrakt i deira auge. Malin ville også ha ei slik drakt sjølvsagt og på H&M har dei alt som små jenter drøymer om.
Eg skjønnar ikkje kor Malin har fått desse primadonnagenene sine frå. Ho syng, dansar og vrikkar seg slik som ingen andre gjer. Ho har trippa på tå frå ho var to år og er opptatt av sminke, rosa og prinsesser. Eg trur heilt klart barnehagen og dei borna ho er ilag med der har mykje å seie for interessene hennar.
Ein kan ikkje anna enn le når ein ser ho sveve på rosa skyer. Og det er utruleg lett å glede seg over det ho sett mest pris på. Ho tel ned dagar og timar på kor tid turntimen byrjar. Det er utruleg stas for ho og veldig kjekt for oss foreldre.
Inga tvil om at 5 år er ein flott alder.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Torill!

Det er kjekt å ta seg ein tur innom bloggen din, eg er her med jamne mellomrom. Eg kom til å tenkje på at eg trur ikkje eg har sett deg og familen din sidan ho Malin var nyfødd. Då er det fint å kunne følge med her.

Helsing frå syskenbarnmari.

Lina sa...

Ååå, ho er så vakker! ♥ finaste ballerinaprinsessa :) og gubba kor flott ho var på håret! Er du så flink å fletta? Eg må visst øva meg, hihi ;) herlig innlegg, Torill!

Anonym sa...

Nydelige Malin <3 So kjekt når borna startar på noko dei likar å halde på med. Måtte det vare :o) Goklem frå besto.

Maris Gyngestol sa...

Så herlig jente!! Stas med turn kan jeg skjønne! :) Flotte barn du har! Har kost meg og lest laaaaangt nedover siden din! Den rosa jakken du hadde strikket var rålekker! :)

-Mari

Pia sa...

Så fin hun er! Fem er en fin alder, ja:)

Unknown sa...

Så kjekt også så søt hun er!!

Ann-Kristin sa...

Malin kler å vere prinsesse. :)

salige lavendel sa...

Så skjønn hun er =)