søndag 26. februar 2012

Staudeprosjektet undervegs

Eg er framleis ikkje frisk så det går treigt med det meste om dagen. Noko som går enda treigare er spiringa av staudene eg sådde i januar. Nokre seier dei må ha ei kuldeperiode før dei spirar så no har eg såpotter i kjøleskapet og utandørs. Kinesisk ridderspore har derimot spira og dei står no på eit gjesterom/roterom som er svalt og lyst. 
For nokre dagar sidan vart det sådd fleire stauder. Eg har ikkje noko drivhus så her får glaskarmane fungere som spirekrok. Eg har til saman 14 stauder i potter som er plassert i karmar, soverom, kjøleskap og ute.
Eg ønskar meg drivhus. Mine stakkars potter må trykke seg saman bak leiker og gardiner. Eg har merka meg at det er veldig mykje arbeid med desse pottene. Eg dusjar vatn på toppen kvar dag slik at det ikkje skal tørke. Det er også lurt å dekke plast over pottene så det får eg gjere.
Det er mykje ein skal huske på og eg har derfor laga ei oversikt på tavla på kjøkkenet. Her står navnet på stauda og kor den står, eventuelt når den skal flyttast ut. Eg har mange pakkar igjen med frø så arbeidet er berre så vidt i gang. Eg håpar så inderleg at dei fleste kjem opp, det hadde gjort saka enklare.

Til slutt kan eg seie at eg har bestilt til saman fem roser og klematis som skal klatre her og der. Eg vil nok kjøpe fleire enn dette, men eg måtte sikre meg at eg fekk rett sort og bestilte derfor likegodt. No gledar eg meg til vår! Natta har vore kald, men dagen idag er full av solstrålar. Deilig!

5 kommentarer:

Jan Håkon sa...

Flott og spennande initiativ, men trur du har laga deg mykje ekstra arbeid her. Stauder er noko av det enklaste du kan få til frå frø. Så dei rundt juletider, plasser ute og vent på våren, prikle i enkeltpotter når dei er blitt store nok (juni(/juli) og mange vil vere klare til utplanting når hausten kjem. Nyt dei første blomane kanskje neste vår, tolmod er ein dyd for oss hageeigarar

Ann-Kristin sa...

Det ser veldig ut som mitt frø-prosjekt og...

Marthe sa...

God kveld Torill!

Du har jammen system! Håper og ønsker at jeg får til litt av det samme når jeg får hage. Var jo genialt å skrive det opp på kjøkkentavla. Krysser fingrene for at staudene blomstrer og trives i hagen din. Gleder meg til å se når våre og sommeren kommer.

God helg!

Lina sa...

Skal sei du er produktiv! :) Håpar det spirar og gror flittig framover :) Ja, slike vårbilete er herleg å sjå på medan me ventar litt til ;)

God helg til deg og dine ♥

Kathrine sa...

oi! Blir jo reint imponert! Håper du får mange flotte blomster etterhvert!