tirsdag 7. februar 2012

Skiglede

Å få influensa to gongar på seks veker kallar eg uflaks og typisk meg. Særleg når det tek tre-fire veker og verte frisk. Denne vinteren tek knekken på meg og eg kan vel seie sterkare enn nokon gong at eg gler meg til vår. Ungane har og vore sjuke, men det går så fort over at eg rekk ikkje fortelje om det ein gong.
Om ikkje vinteren er snill med meg, så har han gitt Malin flotte skiløyper. Bilete over viser Malin som går på ski i ei av lysløypene her på Osterøy. Bilete er tatt forrige helg og vèret var heilt fantastisk. Emil fekk renne på akebrett medan Malin gjekk skitur.
Vi har hatt ei langhelg i Volda. Planen var å bruke dagane godt til å gå på ski/renne akebrett. Diverre vart eg liggande på sofaen og Emil var ikkje i strøk han heller. Så då tok Espen og onkel André med seg Malin i lysløypene heime så ho fekk øve seg på sine kunster. Ho har vorte så flink!
Dei koste seg ut i skogen med bål og appelsin. Malin hadde det veldig komfortabelt og sovna opp i det heile. Typisk henne, ho kan sovne uansett kor ho er (lik mor si). Dette var fredagen. Laurdag og søndag var det surt og kaldt, men ungane var ei lita stund ute med akebrett før dei byrja og fryse. Sjølv om eg ikkje fekk gjere noko anna enn å synest synd på meg sjølv var det deilig å vere i Volda. Neste gong skal det vere vår og eg skal vere frisk. Så er det bestemt.

Til alle som er sjuke eller har sjuke born: God bedring! Eg kjem tilbake når eg er betre :-)

1 kommentar:

Anonym sa...

Så kjedeleg å vere so mykje sjuk :( Håpar det verste er over no då!!

Eg ANGRAR på att eg ikkje tok bilde av alle cupcakesane mine i går, men var litt stressa fordi me skulle på besøk og eg skulle ha med meg mange ;) Skal love deg det gjekk fort i svingane her :)))
Men det var bittesmå former, so er igrunn ikkje so mykje som det høyrest ut som ;)))

Ha ein fin dag! Her er det snart av gårde til slalombakken :)

Klem