tirsdag 6. september 2011

Travle haustdagar

Det er ingen tvil om at hausten har kome. Det regnar og bles, kveldane er mørke og det er fullt opp på jobb og heime. Hausten er ei fin tid med alle sine fargar og rare temperaturar, men eg skulle ønske eg kunne skru ned tempoet to hakk av og til. Det vert ikkje så mykje blogging når kvardagen er så travel, men slik er det no.
Eg sitt å strikkar ein del for tida og kosar meg med det. Eg har ei periode no kor eg må rekke opp og prøve på nytt fleire gongar. Skikkelig irriterande, eg har tydeligvis ikkje hovudet på plass. Av slikt kjem ikkje resultata som perle på ei snor, men eg har som mål å verte ferdig med ganske mykje før siste helga i november. Då har Osterøy Redd Barna si årlege julemesse og vi som arrangerer den er avhengig av nokre gode hjelparar som kan produsere eitt og anna for salg. Eg har ein del planar til då, men vi treng hjelp. Bur du i nærleiken har du kanskje noko å bidra med?Elles så har eg byrja å studere pittelitt. Det er ikkje så omfattande og undervisninga er på kveldstid ein gong i veka. Eg kan ikkje forplikte meg oftare dersom skal eg få tid til det. Det er iallefall veldig kjekt, og gir ei god avveksling til det eg held på med til daglig.Eg er veldig glad for at borna mine ikkje har fritidsaktivitetar. Det er mange foreldre som har ein voldsom kabal på ettermiddagane som skal gå opp. Det kjem vel mi tid og, men foreløbig slepp eg unna. Det er vanskeleg å vite kor mykje borna skal kunne delta i fritidsaktivitetar utan at det går utover samvær med familie, skulearbeid og foreldra sin økonomi. Mine born er heldigvis (?) mest glad i barne-tv når dei kjem heim etter barnehagen. Eg veit ikkje om eg skal ha dårleg samvit over det, men dei har vel eit behov for å slappe av slik som oss etter ein lang dag på jobb. Eg har faktisk ikkje eigne bileter i dette innlegget. Rotete hus og ein stormfull uteplass er ikkje så bloggbart, iallfall ikkje for ofte. Bileta er henta frå ei fantastisk nettside som eg har vorte tipsa om. Marte Helgetun har eiga nettsida med salg av strikkeoppskrifter ho har laga sjølv. I tillegg sel ho garn. Plagga er heilt nydeleg og det er virkelig verdt å ta turen innom sida hennar som du finn på martehelgetun.no.
Dette var ein liten tysdagsprat frå meg. Til helga skal vi sykle Rallarvegen og då håpar eg at eg får dele mange flotte naturbileter med dokke. Kanskje strikketøyet får kome på trykk etterkvart og. Ha ein fin kveld vidare, med eller utan billett til Fotball-VM....

5 kommentarer:

Anonym sa...

Kjekt med haustaktivitetar, skulle ønske ej kunne strikke og hekle slik som du :o)
Borna får fort nok fritidsaktivitetar dei skal og vil vere med på - og då må ein no berre prioritere det nokre år. Eg er iallefall veldig glad for at J har fritidsinteresser, blir fort veldig mykje TV og data ;o)
Kos dej vidare med strikkinga - det vert nok kjekt for dei besøkande på messa :o)) Lenemor.

Anita sa...

Velkommen som følgar hos meg:)
Elskar å strikke på denne tida eg og :) Akkurat no går det i hekling og bestemorsruter!

Ha ei fortsatt fin veke :)

Klem Anita

Anonym sa...

Tenke når Malin starta på skule blir det fotball på ho også;)

Amalie starta på barnedans på laurdagane når ho vart 4 år. Det synst ho var veldig kjekt. Foreldra venta utanfor og det var heilt greit:)

Helsing fra Siv

Kathrine sa...

Så flink du er til å strikke - må si jeg misunner dem som innehar slik kunnskap og en tålmodighet som gjør det mulig.....selv er jeg GRØNN!! Litt fælt å ikke kunne strikke en ting til babyen, men det blir vel en farmor som tar seg av den biten :)

Memories sa...

Mange flotte strikkaplagg der ja. Skulle ønske jeg kunne strikke og det er også et av mine mål å lære meg. Men det var denne tida da..

Kos deg med strikkinga :)