Gammalt skrot som ingen vil ha har ofte mange minner. Synest det er kjekt å redde ting frå søppeldunken dersom den gjer seg betre hjå meg. Trur det vert satt pris på at vi "unge" likar gamle ting.
Denne balja har vore farmor si vaskebalje for mange, mange år sidan. Den låg på eit uteloft og gjorde inga nytte heilt til no. Syrintreet eg handla på impuls har eg planta ned i balja i påvente av å kunne plante det i hagen. Berre ventar på at materialet til garasja flyttar seg først. Tre spanske margaritter fekk plass oppi her og. Dei er visst Malin sine ifølge ho...Deilig vèr ute, håper det varer for alt er gjennomvått og lite som minner om at vi har kome til juni og sommartid. God helg alle!
3 kommentarer:
Så utruleg tøff balje! :-) Veldig fin. God helg til deg òg, Torill!
Den balja var kjempe fin!!!! Hilsen Hagealven
Var du ute på sprell? ;-) Ja det er berre så deilig! Det kan eg tenka meg. Barbeint lukke i graset. Ingenting er betre!!
Legg inn en kommentar