Vi er snart i juli og eg ventar framleis på sommaren. Sommaren er visst her, men i ei våt og grå utgåve. Dei få sommarblomane eg har kjøpt rotnar nesten på rot av at det er så vått, så det vert ikkje fleire innkjøp kan du trygt seie. Grillen er tatt i bruk ein gong og male hus/olje terrasse let vente på seg. Vel, nok deprimerande prat, eg kan ikkje gjere noko med det uansett, eg er berre så frustrert.
Riddersporen har byrja å bløme. Studerer ein blomane så er det veldig vakre. Denne kjem til å verte høgare med åra og eg gleder meg til det.
Vekene er travle. Mykje jobb og vanlege plikter i heimen bidrar ikkje akkurat med så mykje blogging. Det får våge seg, no er iallefall helga over. Den har vore hektisk og innhaldsrik. Ønskjer alle ei fin, komande veke og så håpar eg at eg er litt flinkare med blogginga i veka som kjem.
1 kommentar:
Huff, ja det var ikkje mykje oppløftande dette "sommarvèret"... Me satsar på framgang no! :) Takk for kommentar. Eg skal høyra med Mamma og Pappa eg :)
Legg inn en kommentar