tirsdag 19. april 2011

Nostalgiske hagebileter frå farmor sin gamle hage

Vi har i vår familie snakka fleire gongar om at interesse for hage kan vere litt arveleg. Det kan iallfall stemme for mitt vedkomande. Farmor syntest det var veldig kjekt med hage slik som far min blant anna. Hagen til farmor var i si tid kjent for å vere flott og vakker, og eg har leita fram nokre bileter frå 80-talet som viser litt av det som har vorte barndomsminner for meg.
Før i tida kjøpte folk ikkje masse planter på hagesenter slik som ein gjer idag. Det var verken utval eller økonomi til det. Heldigvis var dei flinke til å gi kvarandre avleggarar, stiklingar, frø og anna, og det resulteterte i ein frodig og variert hage heile sommaren.
Eg kan ikkje seie eg veit kva alle plantane på bileta heiter som til dømes dei oransje, men det viktigaste er at ein synest det er vakkert.
Det er ikkje i tvil om at tomta ligg vakkert til med elv på begge kantar og utløp mot sjøen. Eg har tilbrakt mange somrar her som lita jente og det var heilt fantastisk å kome til farmor og farfar. Vi var alltid velkomne og vi fekk gjere det vi ville så lenge vi oppførte oss.
Eg lengtar etter å ha det frodig og fargerikt rundt meg. Eg gleder meg enormt til at ungane gøymer seg rundt buskene, plukkar bukettar og spring i graset. Kanskje om 5-6 år?
Til slutt eit artig bilete frå slik det ofte var. Bileta er så gamle at eg synest det går greit å publisere dei. Farmor og farfar hadde ofte besøk og var eit samlingspunkt for ein stor og sammensveisa familie. På varme dagar tok ein det ein hadde og la seg på bakken for litt kvile. I midten her ligg farfar med kleda på og håpar på litt brunfarge på leggane sine. Ei herleg og fin tid for ei lita jente.

4 kommentarer:

Møkster Bu- sa...

Fantastiske bilder! Essens av sommer.


Ps: bli med på Øy-søker-familie-lotteri hos oss!

Lina sa...

Å kor herlig! :-) Inspirerande - og fekk meg til å tenka på mine barndomsminner. Koselig innleg :-)

Anonym sa...

Austefjorden? ekje d samhald so e tett at me??

Torill sa...

Til anonym: Dette er Austefjorden og Samhald like ved ;-)