søndag 16. januar 2011

Snømenn i tre generasjonar

Det har vore ei hektisk helg, men veldig kjekk. Mamma er her og då er det full rulle med leiking frå morgon til kveld. Eg nyttar anledning til å rydde bod og anna rot som har lagt ei stund.Derfor kjem innlegget om snømannane først no sjølv om det var igår det skjedde.
Snøen er endeleg kram nok til å lage snømenn. Det betyr regnbukse utanpå dressen, men det gjer ingenting. Malin er kjempeglad for å vere ute uansett.
Det vart pappa som vart snømannmakar. Den første snømannen vart mest forseggjort med munn, auger, nase, armar og sjal. I følge Malin er dette mormor.Her er tre snømenn. Alle med sjerf, armar, auger og nase. Godt jobba!
Dette er meg. Eg har fått Valestrand/Hjellvik-skjerf for anledninga sjølv om det framleis er litt tid før 3.divisjon sparkar igong.
Mormor er den største og flottaste. Sjølvsagt.
Heilt tilslutt. Malin, den minste. Minner meg om ein pingvin og den er den søtaste. Tre generasjonar med snømenn altså.

1 kommentar:

Siv Toril sa...

Så koselig det såg ut! Og snømennene var kjempe fine:) Eg bur i Indre Arna... Kjekt og treffa på ein Ostring her inne:) Kjempe fin og koselig blogg! Ta gjerne turen innom min og..." Hjem og lidenskap") Klem