lørdag 1. januar 2011

Tilbakeblikk på 2010 i bileter

Det har vore eit langt, innhaldsrikt og kanskje det tøffaste året nokon sinne. Vi har møtt mykje motgang, men vi har også oppnådd desto meir. Eg vil vise året som har gått og minne oss på alt vi har fått til. Det har vore stritt, men kanskje desse bileta fortel noko om at det var verdt det.
02.01: Året byrjar kaldt for vår vesle Emil. På dette tidspunktet er han 5,5 veke og må ha på seg godt med klede. Januar var stort sett kald og gradestokken var aldri over -10 grader. Når vi ikkje kunne køyre bil fordi vegen opp til huset var isete og glatt, vart det berre trilleturar opp bakken når eg måtte. Stakkars unge for eit liv han levde på denne tida. Vi pendla mellom ein kald byggeplass fullt i støv og kjemikalar med -13 grader utandørs og heime. Vi hadde ikkje revers på bilen (ja det er heilt sant) så det begrensa seg med køyring denne vinteren.
02.01: Malin kosa seg ute i snøen og vart godt påkledd. Når eg ser på dette bilete er det mykje som har endra seg på eitt år.
06.01: Eigeninnsatsen var godt i gang. Flisleggarane kom ei veke før tida og vi handla fliser i hu og hast. Heldigvis var mamma her og kunne hjelpe meg med Emil. Det var godt å ha ei trillepike når alt skulle handlast inn og bestemmast.
Kjøkkenet var eit mareritt. Eg vil ikkje anbefale å montere eit så stort kjøkken sjølv. Når benkeplata skulle tilpassast tre stadar på ein gong og benkehøgda var litt lavare enn standard grunna vindauga, vart det litt vanskelig. Vi var mange som monterte kjøkkenet og alle tolka ting ulikt. Mange kokkar....
03.01: Vi fekk god hjelp til maling og tapetsering. Espen hadde ikkje komt i mål utan at Steffen (onkel og nabo) hjalp han. Dei sto på kveld etter kveld før jul for å verte ferdig til dugnaden etter nyttår. På bileta ser du Steffen og bestefaren øverst, og Jo Vegard og svigermor nederst. Vi mala Refleksjon og Sjel til den store gullmedalje og eg er enno svært nøgd med fargevala.
06.01: Bror min, mamma og pappa budde alle med oss i den vesle leiligheta medan eigeninnsatsen pågjekk. Male, male, male.... Pappa sparkla, grunna, tapetserte og malte vaskerommet samt monterte kjøkken. André malte og mamma malte og passa unga. Stian hjalp Espen med golvlegging. Kva skulle ein gjort utan hjelp. Vi er uendeleg takknemleg.
31.01: Er det rart ein vil flytte når ein bur slik?
07.02: Det byrjar og nærme seg. Ein del motstand møter ein jo heile vegen, men det kjem seg dag for dag. Byggeprosessen kan lesast under "husbygging" her på bloggen.
Trappa vi fekk var feil, den vart levert utan at trinna var tette. Dette hadde jo vore kjekt å ha, men vi får gjere noko med det etterkvart. Hadde vi skulle fått ny trapp så måtte vi ut med så mykje pengar at det var ikkje verdt det. Vi har ikkje mala den heller, men det kjem før eller seinare.
16.02: Fire dagar før flytting brekk Malin foten. Plutseleg hadde vi to born som ikkje kunne gå. Vi hadde mykje som skulle pakkast og vaskast og vi måtte rett og slett ringe mødrene våre og be om hjelp. Dei bur langt frå oss, men dei forsto alvoret og hjalp oss med å kome i mål. Malin gjekk forresten ikkje på seks veker så det var ei krevande tid berre med det.
19.02: Imorgon flyttar vi inn og det ser slik ut. Espen er ivrig til å flytte inn og ryddar ut det verste, men når dagen var komen så var heile huset dekka med sagmugg. Dette skulle vi flytte to små born inni. Mora til Espen sto på for at det skulle vere levbart, og Katrine kom seinare og hjalp meg med andre etasje. I ettertid meiner eg vi skulle ha venta nokre dagar til alt var rydda, men samstundes var det kun denne helga vi kom opp med bil.

19.februar var også den dagen vi oppdaga at det ikkje var vatn i huset. Verken rørleggar eller elektrikar fekk det til når dei skrudde på vannpumpa. Florvåg ville ikkje ta på seg ansvar og dei som leverte boreholet skulda på rørleggar. Krise! Etter titals telefonar kom 3 rørleggarar, han frå boreselskapet og elektrikar var og tilstades. Det var eit hønseliv utan like. Alle var sinte på kvarandre. For det første så viste det seg at både rørleggar og eletrikar hadde montert pumpa feil. Mannen frå boreselskapet var rasande og meinte dette kunne gå verkeleg ille. Så tok rørleggarane ein sjekk gjennom huset og fant ut at alt var montert feil av kraner, utvendig rør, rørskap osv. Det ordna seg tilslutt, men Espen var temmeleg sliten når han kom heim den dagen.
28.07: Vi har flytta inn og mykje er komt på plass. Lyset skin inn og vinteren viser seg frå ei god side denne dagen.
07.03: Det snør og det snør. Vi er no inni våren ifølge kalendaren, men ute er det større snømengder enn nokon gong. Det må dugnad til for at naboane ikkje skal øydelegge taka sine.
14.03: Emil døyper seg. Ein kjempefin dag. Vi feirar i nytt hus med brennsnut og kaker. Gjestane må ta beina fatt opp til huset i bunad og dress, men alle er ved godt mot.
20.03: Dagen vi aldri kjem til å gløyme og som kanskje står som den dagen i året som var den verste. Det kjem vatn opp av slukane i 1.etasje og heile gangen, badet og vaskerommet er fyllt med vatn. Vi ante ingenting og fekk ein rørleggar på besøk. Ein rask kikk ute konstanterte at vi hadde ikkje avløpsrør mellom hus og biovac (kloakktank). Vi var fullstendig sjokkerte. Korleis er dette mogleg? Florvåg Bruk tok nok ein gong ikkje skulda for problema og vi måtte ordne opp sjølv. Rørleggar ville ikkje gjere noko heller sidan dei fekk oppdrag frå husbyggar. Kommunen kom på besøk og tok bileter av stasen som låg utanfor stoveglaset, og dei hadde aldri opplevd maken. Kommunen ga ein smekk på fingeren både til den eine og den andre og trekte ferdigattesten tilbake. Husbyggar skulda på snøen og rørleggar kom og ordna opp. Det ordna seg tilslutt denne gongen og, men igjen måtte vi kjempe med klørne for å få det i orden.
02.04: Endeleg er snøen vekke. No er det tid for utearbeid. Vi ryddar boss og Espen gjer klart til bygging av verandaer og inngangsparti.
09.04: Heilt slutt på problemer er det ikkje. Internett kjem ikkje i hus og elektrikar har gjort så mange tabber på huset at vi kunne skrive ei bok. Det går fem månadar frå vi flytta inn til vi får internett, men etter mange mail og telefonar får vi ordna det og. Alt ordnar seg for snille jenter, berre ein kjempar litt først.
13.04: Første veranda er ferdig. Vårsola sin og vi kosar oss.
16.04: Hagen er ferdig opparbeidd og planert. Det kriblar i fingrane etter å ta fatt.
01.05: Inngangspartiet er ferdig. Espen kosar seg med bygging.
05.05: Emil får smake graut for første gong.
07.05: Nattefrosten er borte og vi er i gang med plenen. Malin kosar med jord og graving, og ho er utan tvil ei utejente.
08.05: Våren kom seint, men godt. Eg har planta to epletre og bjørka byrjar endeleg å verte grøn. Espen er igang med terrassa.
09.05: Oldefar og Malin kosar seg saman. Dette er verdifulle minner.
13.05: Terrassa er ferdig. Nok ein gong kjem folk og hjelp oss slik at ikkje Espen skal stå aleine med alt arbeidet. Denne gongen var det Steffen, Jostein, Stian og bestefar som hjalp.
17.05: To nydelege ungar i bunad. Malin koste seg denne dagen med tog, ballongar og is.
17.05: Mamma og Ivar var på besøk denne dagen og fekk oppleve 17.mai på Valestrand. Her er vi ved Ole Bull-huset, og etterpå ventar det kaker og brus ved skulen. Nokre leikar fekk vi tid til og før Malin fekk prøve sightseeingtoget som kom denne dagen.
18.05: Plensåing.
30.05: Vi er i Haugesund med familien og denne dagen tek vi turen til Ryvarden fyr. Eit magisk vèr utan vind. Det var ein flott turveg ut til fyret og vel framme var det kafé og moglegheiter for å kjøpe kunst. Tilbake i Haugesund venta mor til Espen oss med potetball.
05.06: Espen fullfører Bergen-Voss for 2.gong. Jo Vegard var også med.
22.06: Slåtten er unnagjort. Det er fine dagar med lite klede og ein is i handa.
23.06: Emil er 7 månadar. Det herligaste smil og dei vakraste auger. Eg smeltar heilt når eg ser tilbake på desse bileta.
01.07: Gardinene er endeleg på plass. Gardinene blafrar i vinden og alt er nesten som på film.
Plenen er grøn og fin etter mange timar med arbeid.
02.07: Bror min kom på besøk i ferien sin, men endte som sengeliggande og sjuk. Her er det middag etter nokre timar med malearbeid. Dette er eit av dei siste bileta vi har av bestefaren til Espen før han døydde 26.august. Sjølv om det ikkje er min bestefar og eg har ikkje kjent han i så mange år, så saknar eg den gamle mannen.
03.07: Malin utøver seg som kunstnar på husveggen.
03.07: Naboane er igjen på plass for å hjelpe oss. Vèret er dårleg så vi må utnytte den tida vi har til å male. Huset har fått det første strøket og til det har Jostein, Steffen, Rune, svigermor, bestefar og André hjelpt oss i tillegg til oss sjølve.
17.07: Nyttehagen min er opparbeida. Mykje gjenstår, men mykje er også gjort. Til våren trengs det meir jord, meir gjødsel og meir planter.
11.07: Eg er i Volda saman med ungane. Sommaren er stille i Volda, men vi nyttar oss av det og kosar oss med leikeapparata i barnehagane.
11.07: Vi prøvar oss på bading, men vatnet er iskaldt.
12.07: Nokre kaker har no det vorte iløpet av året. Denne er ein av dei eg har vore mest nøgd med. Ostekake med jordbærlokk.
18.07: Sola glimtar med sitt fråvær i juli. Det regna i bøtter og spann, og det var ikkje så lett å vere ute så lenge om gongen. Ein av dei som fekk besøk denne våte sommaren var Galleri Mjøsvågen som ligg i Hosanger her på Osterøy. Vel verdt eit besøk.
Malin elskar å springe i graset og det var herleg dei dagane ho kunne gjere det. Ho fryda seg slik eit barn berre kan gjere. Det vart mykje "gøyme og leite" eller "gøymespelet" som dei seier her, men det var ganske så originale reglar kan du seie. Gøy hadde ho det iallefall.
25.07: Når ein ikkje reiser på ferie kan det vere kjekt å ta teltturen ut i hagen. Vi slo opp teltet og håpte på overnatting, men det tok ikkje mange dagane før regnet kom og skylte vekk både teltet og draumen om telttur. Det er iallefall sikkert at vi prøvar med ny telttur i året som kjem.
03.08: Vi malar og vi malar. Malearbeidet tek aldri slutt. Det var no vi tenkte at det kunne vore greit med eit enkelt hus utan vinklar, møner og rekkverk.
Vi vart ferdig med første strøket heldigvis, men det regna mykje denne sommaren så det var berre akkurat at det gjekk. Neste år er det på'n igjen og då håpar vi sjølvsagt at vi har like gode hjelparar som i år.
07.08: Eg fekk låne ripsbuska til naboen i påvente av at mine eigne busker skal verte store nok. Eg plukka nok rips til litt gele og nokre måltid med rips og is. Rips er også populært i små barnemunnar, så vi hadde eit par veker kor vi kosa oss under buskene.
14.08: Ole Bull-spelet på Valestrand. Utescene med mange flotte skodespelarar og ei fengande historie. Musikken var fantastisk og naturen, vèret og stemninga var upåklageleg. Det går rykte om at spelet skal settast opp igjen i 2012 i samband med Bergen festspel så då må alle kome og sjå.
15.08: Emil og eg kosar oss i det fine augustvèret. Vi utnytter sommarvéret maksimalt.
24.08: Tur til Volda om sommaren er aldri nokon suksess vèrmessig, men det var godt å ta seg ein tur heimatt. Her er vi på badeplassen og vi var ganske så aleine. Ikkje så rart kanskje...
25.08: Ein stor dag er komen og lenge venta på. Malin fyller 3 år og dagen feirast heime hjå mormor. Malin var yr og glad, og hadde ein flott dag med fine presangar som har i ettertid vore godt brukte.
04.09: Siste grillseansen for sesongen. Her er vi på Kleiveland med Inge og Marit. Masse god mat og familie.
21.09: Soppsesongen bankar på døra. Eg er ein tilhengjar av sopp, men det var ikkje så lett å få tid til å plukke. Derfor fekk det halde med bilete av ein vakker, men giftig sopp i vegkanten. Nokre fine haustturar med vogn fekk vi gjort om ikkje anna.
Emil har verkeleg byrja å markere seg. No skal alt undersøkjast og mor har nok med å halde vekk alt som kan øydeleggast. Dette er litt av ein type, det byrjar vi å merke no.
25.09: Sommaren kjem på etterskot. Nokre herlege dagar på tampen av hausten. Det var kaldt om morgonane, men på dagen kunne ungane gå med sommarklede og det var rett og slett heilt nødvendig at vi fekk nokre dagar av denne sorten etter ein tung og grå sommar.
23.10: Lite ante vi at tre veker etter det flotte vèret kom snøen som gjorde oss veglause i ei veke. Malin kosa seg med aking og synest alt var topp, og Emil fekk lufte seg han og. Heldigvis forsvann snøen igjen og vi fekk ein vakker november.
06.11: Mamma kom på besøk. Ho var bestilt som barnevakt eit halvt år før då vi skulle på Mama Mia. På same tid fekk vi bakt til jul og ungane fekk leika seg med mormor.
20.11: Etter 30 år som supportar fekk Espen endeleg tatt turen til Liverpool. Det var ein stor draum som gjekk i oppfylling og han vil snart tilbake sjølv om han må ta fly. Å stå på Anfield og høyre "You never walk alone" kan vel berre dei som har vore der vite kor magisk det er.
23.11: Vesleprikken fyller eitt år. Han diverre sjuk denne dagen og orkar ingenting. Han tok forresten sine første steg 14.november, men etter at han vart sjuk stoppe det opp for nokre veker. No er han i full gang igjen og går nesten heile tida.
Malin har fått fullstendig dilla på å teikne. Ho kjem heim med fleire teikningar frå barnehagen kvar dag, og ho har vorte ganske så flink. Ho teiknar alle ho kjenner, vegar, bilar, nissar og alt som treff ho i hovudet. Personane har auge, nase munn, armar og bein. Når ho fargelegg treff ho streken ganske bra. Elles likar ho godt å pussle og må stadig introduserast for nye pusslespel i barnehagen.
Emil klatrar, riv ned det han får tak i, tek på alt, et og bit på det meste og er ein tornado eg sjeldan har sett maken til. Han tek all merksemd då vi må halde et auge med han kvart eit sekund. Han er rask på labben og snar til å gjere noko gale så fort vi vender ryggen til. Ein skikkelig liten Emil altså.
Eg har ikkje sagt så mykje om vegen vår i år, men den er der og den er slik som før. Vi har vore veglause i ein månad no, det vil seie at vi ikkje kan køyre opp bakken til huset vårt og må derfor ta beina fatt.
Vi parkerer i botn av bakken og så tek vi meis eller vogn alt etter føre og går opp. Ryggsekken er god og ha, men likevel ønskjer vi oss ein firhjulstrekk. Så vinn vi i lotto står den først på prioriteringslista.
Og no er vi altså komen til 2011. Eg avsluttar med å vise Emil godt innepakka slik som det første bilete tatt for eitt år sidan. Det er mykje som har forandra seg når det gjeld Emil, men noko er ved det gamle som at det er like mykje vinter no som ifjor.

Eg har sjølvsagt mine tankar om det nye året, nokre mål og nokre ønskjer. Meir om dette får du vite om imorgon. Godt nytt år kjære vener, familie og bloggarar.

2 kommentarer:

Kathrine sa...

Det har jeggu meg skjedd mye i livet deres det siste året, og jeg må innrømme at spebarn og husbygging nok ikke hadde vært mitt valg - tror jeg hadde knekt sammen! Så all ære til dere!

Lillian sa...

jeg blir satt ut når jeg leser om alt dere har slitt med, men på samme tid tar jeg av meg hatten for den positive vinklingen du gir på d meste.
Koselig å følge bloggen din og ønsker dere tilykke med et nytt år med ubrukte dager og masse muligheter...Og håper at dere får mange positive innslag i d nye året.