Etter utfordring frå Frk.Fosse deltek eg på bloggen Åpent Hus si jubileumsfeiring. Bloggen har runda 100.000 besøk og har fine premiar til dei som deltek og vinn.
Oppfordringa er som følger: "Eg oppfordrar deg til å presentere noko som har stor immatriell verdi for deg. (altså som har verdi langt utover kva det kostar) og forklare kvifor. Lenke så til dette lotteriinnlegget, og send utfordringa vidare til to andre bloggarar."Denne gyselige og sjarmerande krakken er eg veldig glad i. Den kosta meg ingenting fordi eg har arva den etter onkelen og tanta til mamma. Då eg byrja på barneskulen hadde vi fri ein dag i veka og denne dagen var eg hjå dei. Tante Astrid baka rundstykker og steikte sjølvfanga fisk medan eg satt på krakken og prata om laust og fast. Eg huskar eg fekk smør og honning på dei varme rundstykka, og eg fekk skrape frå panna der fisken var steikt.
Det morosamme med denne krakken er at den har eit skap under seg. Der hadde dei skokremen sin. Fargane på krakken seier vel noko om at den er nokre tiår gammal. Eg har planar om å oppdatere den litt etterkvart. Det er fint å ha denne krakken som minner meg om onkel Elling og tante Astrid.
Eg sender utfodringa vidare til Livet på Bostad og Fjordlykke. Og så utfordrar eg alle andre, med eller utan blogg, å delta på utlodninga på Åpent Hus. Bloggen er vel verdt eit besøk uavhengig av konkurransen.
4 kommentarer:
oi oi oi - det var jo artig! Dette skla jeg klart være med på :) Takk for kommentar ang. fargevalg på golvet oppe også - det er så kjedelig med hvitt, og med to store drog av noen hunder er grått en fint alternativ!!
Det er så fint med ting som har sentimental verdi. Sånne ting skaper en sjel i huset som ingenting kan erstatte, enten det er nytt eller kjøpt på loppemarked. Koselig innlegg! :-)
Kjempesøt krakk!
Så koselig å ha slike ting.
Klarte utfordringen jeg også:)
Klem
Takk for kommentar. Ja jeg tror vi begynner å komme frem til planløsningen slik vi ønsker den. Det er vell det eneste positive med at prosessen har tatt så mange år. Vi har hatt god tid til å tenke. Og Viseno er mye bedre enn penn og papir ;)
På badet oppe er det både dusj og badekar ja. Nede blir det bare et lite bad med dusj.
Ha en strålende helg!
Klem, Christel :)
Legg inn en kommentar