Eg veit ikkje korleis bileter av førsteklassingar ser ut idag, men på mi tid så var det mange som satt ved ein pult med ei mattebok framfor seg og ein blyant i handa. Slik minne Emil meg om når han no har byrja å vise interesse for teikning.
Det er lett for at det vert ein del skrytebileter av dei små i bloggen sjølv om intensjonen ikkje var å vere mammablogg. Sidan dette er ein kvardagsblogg er det naturleg å vise det ein held på med til kvardags og då er det ungane først og fremst som får fokus. Husarbeidet bloggar eg ikkje om...Emil er så skjønn altså. Eg er så heldig. No er han 14 månadar og har altså tatt pennen fatt. Det er ikkje så lett å få sterkt nok trykk på blyanten, men vi ser strekane han lagar. Dette er fine minner. Det kan no hende han vert ein berømt kunstnar ein gong og streka vert solgt på aksjon for millionar.
Som ein førsteklassing sitt han og kosar seg. Søstra er mykje meir ivrig med tekning enn han, og eg skal gjere mitt for å stimulere til kreative krumspring for dei begge.
Medan eg ventar på dei store kunstbileta får eg kose meg med dei svake blyantstrekane han lagar idag. Uansett strek går bileta rett heim hjå meg.
4 kommentarer:
Jeg ble rørt jeg.<3
ÅÅÅ så søt!!
De herlige blå øynene!
Og så er det så morsomt når de begynner å tegne sine første mennesker med kjempehoder uten mager:)
Du har så fine unger asså Torill!
Inmari skjønne:):)
Hei Torill!
For ein nydelig liten gutt da! Så søt!
Takk for hilsen på bloggen, ser me har unger på samme alder og!
Fin blogg du har, me flytta i nytt hus for 1,5 år siden og er ennå ikkje i mål med alt. Det tar sin tid;)
ha en fin kveld!
Klem Silje
Legg inn en kommentar