Endeleg var ventetida over for min del. Mandag 23.november klokka 02.34 kom ein liten gut til verda, akkurat på termindato. Fødselen gjekk veldig fort heldigvis... Guten var 3290 gram og 50 cm. At han var så stor som han var kom som ein overraskelse for både meg og Espen. Malin som var fødd 3 veker før termin var berre 2320 gram og 45 cm. Det er likevel veldig kjekt at han er såpass stor for då slepp vi ekstra vektkontrollar, matoppfølging, vitaminar og så vidare, og vi slappar meir av.

Bilete er tatt same dag som han vart fødd. Ein gut uten navn og som ikkje liknar nokon. Han har sove mykje og krever lite, men likar ikkje å ligge aleine og protesterte godt i natt når han fekk tilbud om eiga seng.

På veg heim frå sjukehuset. Eg reiste heim 1,5 døgn etter fødselen. Eg hadde fått einerom og fekk kvile godt. Ikkje var eg usikker på noko heller, dette har eg no gjort før. Kjekt var det også å kome heim til Malin. Dressen har eg strikka og hua er strikka av Reidun, tanta til Espen.

Vi var veldig spente på korleis Malin skulle ta dette. Ho er no 2 år og 3 mnd, og det har ikkje vore så lett å snakke om kva som skulle skje. Men ho var veldig nyskjerrig, ville hjelpe og passe på. Det er mykje kjensler også og ho tar lett til tårene. Vi kosar masse med henne og rosar henne for alt det er verdt. Hjelpe til får ho også. Ho viser mykje omsorg og våknar om natta når babyen lagar lyd for å høyre om alt er bra. Ho er veldig lik far sin slik... Litt hardhendt omsorg er det likevel og vi må ha augene i nakken når ho er ilag med han.

Dette bilete er tatt idag. Er ho ikkje skjønn som kyssar veslebror sin? Ho passa på å gi han ein kos når ho la seg og. Det har gått veldig fint til no, men sjølvsagt kan dette snu. Vi får berre gjere det vi kan for at ho skal føle seg prissatt.
Når det gjeld meg sjølv så er eg etter forholda i fin form. Sjølvsagt er kroppen sliten og det er ikkje så mykje eg orkar av fysiske anstrengelsar, men det går bra. Idag laga eg til og med middag! Synest det er så mykje kjekkare no enn sist gong. Alt er meir avslappa og eg veit kva eg held på med. Det hjelp sjølvsagt på at vi har ein baby med normal størrelse denne gongen.