søndag 1. februar 2009

Litt om meg, ei utfordring frå Fivrel

Å vere ein bloggar inneber også det å besøkje andre bloggar og legge att kommentarar i bloggane når ein kjenner for å seie noko. Det florerer med utmerkingar (award) med ulik tyding bak "diplomet". Eg verken publiserer dei eg har fått eller gir utmerkingar til nokon. Eg vil ikkje vere forskjellsbehandlar og passar heller på å skryte av bloggarane personleg i bloggen. Likevel takkar eg for dei som har gitt meg utmerking så langt.

Fivrel er ei artig taus med mange interesser lik som mine og ho har eit fantastisk språk. Ho har gitt meg ei utfordring som eg sjølvsagt er med på. Eg bytter ut 4 med 5 punkt :-)

5 jobbar eg har hatt:

Reinhaldar i Volda kommune. Mamma arbeider i kommunen og eg har vore mykje på rådhuset opp igjennom åra. Eg kjenner mange som jobbar der, og har på den måten fått sommarjobb og vikarjobb i høgtidene der det måtte trengast av vasking. Eg har vaska legekontor, helsestasjon, heile rådhuset, doa ved badeplassen, musikkskule osv. Dette var fram til eg var 20 år.

Grønn sektor i Volda kommune. Plenklipping i park, rabattar og gravplassar. Litt luking og søppeltømming og. Veldig kjekt å vere ute heile sommaren.

Miljøarbeidar. Eg er den fødte kommunearbeidaren, kanskje er det arveleg, kven veit... Arbeid med psykisk utviklingshemma var ein del av sommaren i studietida og sommaren etter endt utdanning. Eg har jobba i Volda, Skedsmo og Osterøy kommune. Alle typar funksjonshemmingar.

Barnehage. Første året etter endt studie jobba eg eit år i barnehage. Det var ei uteavdeling med base i skogen. Vi hadde eigen lavvo og utedo. Veldig kjekt og tida der har lært meg mykje. Dette var i Lørenskog. Nok ei kommune...

Sosialarbeidar. Dei siste åra har eg vore ansatt i Bergen kommune som sosialkurator.



5 filmar eg aldri vert lei:

Den fabelaktige Amelie frå Montemartre. Ei orginal dame i fantastiske Paris.

Kopps. Svensk film om bygdepolitiet som må heve kriminalitetsstatistikken for å ikkje misse jobben. Utruleg morosam film.

Istid. Animasjonsfilm om tre ulike dyr som vert tvungen til å flykte ilag. Dei norske stemmene er prikken over i'en.

Under solen. Skodespelaren Rolf Lassgård eig filmen eine aleine. Fantastisk mann. Ein av dei få filmane tårene trillar littegrann.

Den grønne mil. Alle filmar med Tom Hanks er bra, men denne filmen er ein av dei beste. Ein fengselsbetjent med hjarte sjølv for den mest forhatte.


5 stadar eg har budd:

Volda. Her er eg fødd og oppvaksen. Flytta derifrå når eg var 19 år.

Bergen. Har aldri likt byen, men har budd her likevel i 4 år påvente av noko betre.

Sogndal. Studenttida mi vart tilbrakt her i 3 år.

Lørenskog. Budde der i eitt år. Mi einaste tid utanfor vestsida av Noreg.

Osterøy. Har budd her berre i 5 mnd, men skal sannsynligvis tilbringe mesteparten av livet mitt her.


5 tv-seriar eg likar:

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eg elskar den serien rett og slett. Eg har sett alle episoder og alle eg kjenner veit at eg berre MÅ sjå dette programmet.

Himmelblå. Koseleg familieserie i storslått natur.

Åndenes makt. Spøkelsar eller ikkje, historiene er spennande.

Grønn glede. Sesongprogram om ei av mine store interesser: Hage.

Matprogram. Elskar å lage mat, elskar å ete mat, elskar å sjå andre lage mat.


5 stadar eg har vore på ferie:

Paris. September 2006 var eg ei veke i Paris hjå ei venninne. Ein praktfull by!

Vesterålen. Juni 1998. Kan nesten ikkje skildrast med ord. Majestetiske fjell, azurblåe fjordar, sol og varme, og sjøsprøyt i ansiktet. Eg har ei fortid i Heimevernsungdommen (!). Dette var ei landssamling med 4 ungdommar frå kvart fylke. Vi var på sjøen kvar dag, vi fekk vere med i helikopter og vi fekk sjå Noreg slå Brasil i VM.

Sverige. Med Sverige meiner eg området Stockholm-Uppsala. Har familie der og har mange av mine barndomsferiar der. Nydelig stad å vere.

Estland. Klassetur september 2002.

Berlin. Klassetur februar 2000.


5 nettstadar eg er innom kvar dag (ofte):

Norske interiørbloggar-NIB

Hotmail

Bloggar

Hobbyboden.com

Facebook


5 stadar eg ville ha vore no:

I ein pengebinge.

På sjøen i ein båt kor det er sommar og varme grader.

På fjellet på Sunnmøre.

I eigen hage.

Lofoten.

2 kommentarer:

Fivrel sa...

Så moro at du tok utfordringa, og artig var det å lese det du hadde skrive. Slik lærer ein stadig noko meir om kvarandre ;-)

Artig det du skreiv om Vesterålen, eg har støtt hatt lyst til å vitje Lofoten, og denne delen av Noreg skil seg stadig ut med vakre bilete og skildringar. Og så har du vore i Paris! Heldiggris ;-) Eg og tykkjer Amélie er ein fantastisk fin film, og særleg har eg lagt min elsk på musikken. Den sviv jamt i øyro mine når eg syklar omkring i Oslos gater også :-)

Tove sa...

Så artig at du har skrive om awardane i dag!!! Sat nettopp og las om det same på blogen Drømmen om en eplehage! Og eg er så hjartans einig!!! No skal eg slutte å publisere awardar på bloggen min, og heller ikkje gi dei vidare. Eg skal sjølvsagt takke og vere høfleg, men orkar ikkje stresset det medfører....

Artig å finne ut litt meir om deg, forresten!