mandag 3. november 2008

Ein liten draum

Ein av mine draumar er å skaffe meg sauer. Av sauene får eg ull som eg vil karde og spinne til eige garn. Eg kan ingenting om det, men eg drøymer om å lære meg det ein dag. Eg har også veldig lyst til å lære om plantefarging. Mitt første steg mot draumen, er innkjøp av handkarde. Eg har kjøpt dei på brukt og antikvitetsforretninga her på Valestrand. Veldig mykje rimelegare enn å kjøpe nye. Har du ein liten draum som meg eller berre er nyskjerrig på kva ein bruke ull frå sauen til, kan du lese meir på http://www.spinnvilt.no/.

3 kommentarer:

Fivrel sa...

Sjå der! Du er jo alt i gong, jo ;-) Eg trur du må kome på besøk til meg, eller eg til deg, for eg ventar stadig på ei orsaking for å kunne ta meg tid til å ta fram rokken og berre spinne, lenge og vel. Og det er ingenting som er så gama (artig) som å lære bort karding og spinning til entusiastiske menneske ;-) Me får sjå, med tid og stunder krysser kanskje vegane våre kvarandre, og i det krysset står det heilt sikkert ein rokk eller to :-)

Ingrid sa...

Kjekt at du kommenterte på bloggen min! Ej skal prøve å være flink å legge ut bilde frå Volda, så fe du kose dej med heimlengselen din ;)
Ej brukte faktisk karde, som du skrive om, i forrige veke! Nei, ej e ikkje nåken ekspert, men ej hadde forming på skule der oppgåva va å karde og å filte ull. Dinne veka skal me på gardsbesøk med barnehagen ej jobba i, og sjå på saueklipping, og så skal vi prøve oss med karding og filting i barnehagen. Trur vi hoppa over rokken, det blir nok litt for avansert for mej.. :)

Anne på Moseplassen sa...

jeg lærte en gang i tia å spinne og karde, virkelig artig :) Nå fikk jeg forresten fryktlig lyst til å tove.