søndag 23. november 2008

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Eg har strikka nokre tjukkelestar til Malin. Eg har ikkje funne noko passande oppskrift for sokkar i størrelse eitt år kor ein nyttar vanleg strømpegarn og som sitt godt på foten når ein brukar sko. Derfor har eg laga ei oppskrift sjølv som eg vil dele med dokke som besøker bloggen min.
Eg har strikka lestane i fleire fargar av restegarn eg har. Det er mitt store prosjekt for tida og verte kvitt mest mogleg garn. Det er ikkje alltid like enkelt når garnet og fargane er heilt ulikt min stil. Malin synest det var stas å ha på tjukkelestane som mamma hadde strikka. Ho har forresten potensiale til å verte like strikkegal som meg. Strikkepinnar og garn er iallefall veldig kjekt å halde på meg (ho får ikkje leike med strikkepinnane altså, så gal er eg ikkje..).

Oppskrift på tjukkelestar str 1 år

Legg opp 28 masker på pinne 3,5 som du fordelar på strømpepinnar. Strikk rundt 1 r og 1 vr omlag 6 cm. Del arbeidet og strikk glattstrikk 10 pinnar over halvparten av maskene, dette er byrjinga på hælen.

Så feller du for hælen slik (du byrjar på rettsida): Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd r saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 5 m, 2 vridd vr saman, snu. Ei maske laust av. Strikk til det gjenstår 4 m, 2 vridd r saman, snu. Fortsett slik med ei maske mindre for kvar gong til kun midtmaskene gjenstår (6 masker).

Ta opp 7-8 masker på kvar side av hælen og fortsett rundt over alle maskane samtidig som du fell 1 m på kvar side av vrista på kvar omgang til det gjenstår 28 m. Forsett å strikk til foten måler 8-9 cm.

Fell for tåspiss slik: Set eit merke i kvar side av arbeidet med 14 m under og over foten. Du byrjar oppe på foten ved høgre merke. Strikk 1 r, 2 vr saman, 8 r, 2 r saman, 2 r, 2 vridd r saman, 8 r, 2 r saman, 1 r. Fortset å felle på kvar side av sidem. annakvar gong 3 gongar, deretter kvar omgang til det gjenstår 8 m. Klipp av tråden og fest godt.

2 kommentarer:

Fivrel sa...

Det har eg ikkje reflektert over, at det ikkje finst slike oppskrifter, men no vart eg jammen inspirert til å prøve oppskrifta di og lage eit par sokkar! Eg kjøpte eit par hesper med nydeleg mangefarga garn på Du store alpakka her i Oslo før helga, og har undra meg på kva prosjekt det skulle nyttast til. Eg trur eg har funne det, kanskje eit sett med sokkar og vottar og lue? Hmm.

Elles tykkjer eg du er FLINK som freistar bruke opp restegarn. Eg er flink til å kjøpe nytt. Og bruke det, men ikkje bruke snøgt nok. Slik er det når ein elskar garn. Det gode er at det kjem alstøtt til nytte til SLUTT, berre ein ikkje har skifta fargesmak i mellomtida då.... :-)

Anka sa...

Hi hi hi, så nydelige barneføtter:) Strikking kan jeg ikke men en dag, en dag skal jeg også trikke:-) Ha en fin dag.