søndag 4. mai 2008

Tur til Volda

Eg har vore heime i Volda ei veke og hadde gløymt usb-kabelen min i Bergen. Typisk. No er eg tilbake til kvardagen og usb-kabelen min og eg har derfor moglegheita til å vise dokke nokre bileter. Første bilete ut er Malin bak rattet frå ei av ferjene på turen oppover. Ho skal tidleg krøkast.
Bilete under er tatt frå eit hotellrom på Alexandra hotell i Loen. Espen skulle på kurs der og vi fant derfor anledning til å besøke Volda når han kunne reise saman med oss oppover. Berre for å ha sagt det; biletet lyg ikkje. Absolutt verdt eit besøk.
Når Espen var "levert" i Loen, tok vi ein omveg heim og køyrte forbi Austefjorden. Ei bygd 2 mil frå Volda kor far min kjem frå. Han er oppvoksen i eit hus bak garasjen som er plassert midt på biletet. Veldig idyllisk stad og eg har mange gode minner frå sommarane der.
Det er konfirmasjonstid og tid for kaker. Eg og mamma skal bake kake til søskenbarnet mitt sin konfirmasjon, og då måtte vi øve oss på nye sortar. Den første kaka er fransk sjokoladekake. Den minner om brownies med valnøtter i. Veldig klissete og god.
Så prøvde vi oss på ei kaloribombe av dei sjeldne. Sukkebrød, mandelbotn, eggelikør, krem, kirsebær, nesquik og sjokolade er nokon av ingrediensane. God på smak og veldig mektig, men ugunstig til å frakte med seg når ein skal i selskap.
Ein av dagane var eg og Malin til Ålesund. Første besøk ut var til André, bror min, som bur og jobbar ved sjukhuset. Dette er utsikta frå leiligheta hans. Vi var også stad å besøkte Helga som driv å lagar hage og skal snart bygge på huset.
Malin har fått seg ny vogn som måtte prøvast. Den har ho arva av onkel Jonas. Vogna er enno litt stor, men det ser ikkje ut til å plage henne.
Eg, Jonas og Malin var på synfaring i huset til Marita, ei barndomsvenninne av meg. Mesteparten av huset er bygd på egeninnsats og sluttresultatet vert nok veldig bra.
Eg hadde ikkje med meg kamera overalt, men eg har vore saman med familien min og blant anna feira bursdagen min. Hjå pappa fekk eg kake og hjå mamma fekk eg kjøtkake. Jonas plukka blomster til meg og været var strålandes.
På heimturen følgde mamma oss til Bergen. Det er litt langt å reise aleine til Bergen frå Volda når eg har med Malin. Reisa var ei lang rekkje postkort-opplevingar, og her ser dokke eit av dei. Bilete er frå ferjekaia på Lote.
Vel heime venta Espen på at Malin skulle kome. Det er vel ingen tvil om at han var glad når vi kom.
Og alle var samde om at det hadde vore ein fin tur.

1 kommentar:

Trude sa...

Så våken en jente! Jeg gleder meg til å treffe dere den 5. juni :)