søndag 11. mai 2008

Stemningsbileter

Eg har så mykje eg vil vise dokke. Her er nokon bileter som gir meg ei god kjensle. Bileta er frå helga.
Hønsehuset bakerst og vedaskjulet, eller "kikkå" som dei innfødte seier.
Tatt frå steingarden eller "oppe med grinde". Bilete viser det meste av innmark på garden til bestefaren til Espen. Kanskje dokke kjenner igjen plassen vi ønskjer å bygge frå eit anna bilete tidlegare i bloggen?
Små, vakre Natt og Dag. Desse veks på stien mellom bestefaren til Espen og onkelen.
Bekkeblome trur eg. Fann dei iallefall i ein liten bekk.

Morgenstemning tatt frå "Kringestemmo". Var ute og trilla og berre måtte fange augneblikket.

2 kommentarer:

Trude sa...

Så flink du er til å legge inn nye bilder! Morsomt å se ;)

Marie sa...

Stemningsfulle og vakre bilete frå ein vakker stad på jord!
Kjekt å sjå koselege bilete frå grillkos og terassebygging også!

No skal eg og mannen jobbe med sauene, skal gje medisin mot mark i magen og dropar på ryggen mot flått. Deretter går turen til sommarbeite. Køyrer dei seks km til garden mannen min kjem frå.


Ha ein finfin vårdag :)