torsdag 25. desember 2008

Med ønskje om god jul!

No i jula er eg i Volda kor eg er fødd og oppvaksen. Eg har med meg kamera, men mamma har ikkje pc med memorystick-inngang slik at bileta som eventuelt er noko å vise, vil ikkje kunne verte synt før eg kjem heim. Malin har vore sjuk til no, og interessa for presangar har ikkje vore tilstades. Ho foretrekker klementinar og druer framfor brus og godteri, og gamle bøker og aviser er meir interessante enn nye. Det har vore ei stille julefeiring bortsett frå Malin som ikkje har hatt det så bra. Vi har fått mykje fint til jul, og maten er som vanleg veldig god. Eg har det bra, men det vert ikkje så mykje innlegg på bloggen før det nye året tek til.

(bilete er frå årets julekort)

Eg ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.

4 kommentarer:

Torunn sa...

Herleg lita tulle!! Kor du bur? Eg bur i nærleiken av Mongstad. Vart litt nysgjerrig då du lurte på om eg budde i nærleiken av deg. ;)
Ynskjer deg ei fortsatt flott jul!

Anka sa...

Såå nydelig bilde av tulla:) Ikke noe særlig å være syk i jula... Håper dere alle er friske å rake nå. Så nyt jula videre:)

mettemaja sa...

Takk for kommentar :) For en flott tomt dere har - der kommer det til å bli flott! God bedring til minsta!

Helga og Steffen sa...

Kor lenge du blir heime i jula? får vi til å treffes i romjula? ej he fri til fredag no og fri i helga igjen..