lørdag 29. september 2007

Kvinna sin stad er ved kjøkkenbenken

Nei eg har ikkje vendt tilbake til 1950-talet. Kvinna det er meg. Her i huset er vi svært tradisjonelle når det gjeld ansvarsfordeling og matlaging. Det er eg som lagar 100% av maten i huset, og den avtalen inngjekk vi når vi flytta saman for over 4 år sidan. Espen kan rett og slett ikkje lage mat, han interesserar seg heller ikkje. Og eg er motsatt. Det er mange eg har måtta forsvart ansvarsfordelinga overfor, men eg og Espen er nøgde med slik vi har det og det er vel det viktigaste, eller kva? Sjølv om vi lever i 2007, treng vi vel ikkje ha lik ansvarsfordeling på alle oppgåver.
Idag har eg stått ved kjøkkenbenken i fleire timar. Resultatet er pizza, kake og oppvask. Diverre fekk eg ikkje til å laste opp bilete av pizzaen, men til opplysning så var det mexicansk pizza. Eg personleg er ikkje så glad i pizza, men eg lagar det likevel fordi Espen blir så glad. "Den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad"...
Valnøttkake. Eit bidrag til mitt nye prosjekt "kake kvar helg". Oppskrifta kan absolutt forbetrast, men den var god nok til at eg skal ta den med til Osterøy imorgon.

Ingen kommentarer: